Mann i 40-åra dømd for 44. gong

Mannen braut seg inn på Pikant ved å knuse ei glasdør.

Mannen braut seg inn på Pikant ved å knuse ei glasdør. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ein Førde-mann fekk i Fjordane Tingrett ein fengselsdom på fem månader for innbrot og skadeverk.

DEL

I tillegg må mannen betale 8495kr i erstatning til Pikant AS, samt 7838kr i erstatning til Førde kommune.

Travel helg

Den domfelte har 43 dommar på seg frå tidlegare. Fredag 23. oktober vart den no dømde førdianaren slept fri frå Bjørgvin fengsel der han hadde sona ferdig ein lengre dom. Han var ikkje før kommen tilbake til Førde, før første brotsverk var eit faktum: Han knuste han vindauget i den kommunale bustaden han leiger. Mannen vedgår dette brotsverket mot kommunens eigedom, men hevdar han handla i naudrett sidan han ikkje hadde nøklar. Dagen etter fortsette han der han slapp, og etter å ha laga bråk på Førde helsetun vart han teken med til samtale hos politiet.

Fanga på film

Det var allereie natta etterpå, like etter midnatt måndag 26. oktober 2015, at innbrotstjuveriet i lokala til Pikant Restaurant og Bar i Førde sentrum gjekk føre seg.

Han tok seg inn i lokala ved å knuse ei glasdør, for sidan å bryte opp kassaapparatet, og stele 3347 kr i kontantar.

Han vart gjentekne gonger festa på film frå overvakingskamera ved Førde Rådhus, siste gong springande frå åstaden klokka 00:18:37.

Andletet til gjerningspersonen var uråd å sjå på filmen, men klede og ryggsekk stemte overeins med antrekket til ein kjenning av politiet: Karen dei hadde tatt inn til samtale tidlegare same dag.

Artikkeltags