Kjerstin (17) til eliteserien

Kjerstin Boge Solås (i midten) har meldt overgang til Tertnes.

Kjerstin Boge Solås (i midten) har meldt overgang til Tertnes. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Førde misser ein av stjernespelarane fram mot nest sesong i 2. divisjon i handball.

No har Kjerstin Boge Solås frå Dale meldt overgang til eliteserieklubben Tertnes.

Det er Tertnes-trenar Tore Johannessen glad for, han kjenner Boge Solås godt frå J96/97-landslaget.

– Ho har vore med der heile vegen. Eg har veldig tru på ho. Om ho ikkje løftar oss med ein gong, så vil ho ta eliteserienivået om ikkje lenge, seier Johannessen til BA.

Mål om debut

Kjerstin Boge Solås sjølv er godt nøgd med at det går mot ei kontrakt med Tertnes.

– Eg har meldt overgang til klubben, men vi er ikkje heilt i mål med kontrakten enno, men det er ikkje langt ifrå. Dette er noko eg verkeleg gleder meg til, seier Kjerstin til Firda.

Kjerstin Boge Solås jublar

Kjerstin Boge Solås jublar Foto:


Kjerstin Boge Solås jublar etter scoring. Foto: Svein Rune Kjøllesdal

17-åringen har spelt halvannen sesong for Førde sitt 2. divisjons-lag, og er ein av spelarane som har blitt ein publikumsyndling for topplaget, trass i at dei ikkje greidde å sikre opprykk.

– Målet den kommande sesongen er å få debuten i eliteserien. Eg er nok ikkje på elitenivå enno, men eg trur eg vil få ei veldig fin utvikling med Johannessen som trenar, og kan ta nivået, seier Boge Solås.

Ventar på skule-ja frå fylket

Ho har eit år att på vidaregåande skule, men skal i møte med skular i Bergen.

– I Tertnes er der ein vidaregåande skule med ei linje for toppidrett med fokus på handball. Der har eg fått tilbod om plass til neste år, men eg har ikkje fått godkjenning av Sogn og Fjordane fylkekommune enno, så det håpar eg går i orden. Då vil eg få ekstra treningar i skuletida, og trur utviklinga mi vil vere bra, seier ei tydeleg glad Boge Solås, og ho legg ikkje skjul på at draumane framleis er med.

– Målet ein dag er sjølvsagt å spele på seniorlandslaget.

– Vil få speletid

Ein som kjenner Kjerstin betre enn nokon i handball-miljøet er Dale-trenar Jonny Pedersen. Han har hatt Boge Solås sidan ho spelte aldersbestemt.

– Ein såg tidleg at Kjerstin hadde eit stort talent. Eg har gitt ho mine råd i høve val av klubb framfor neste sesong, og eg er ikkje i tvil om at Tertnes er rett klubb. Det har vore viktig å finne ein klubb som har ein trenar som passar til Kjerstin, der er Tore rette personen, seier Pedersen til Firda.

Han trur Boge Solås kan hevde seg på Tertnes.

– Eg er sikker på ho kjem til å spele mykje i eliteserien allereie kommande sesong. Ho er god nok i forsvar, men må jobbe litt med angrepsspelet. Ho kjem til å greie å ta steget opp i eliteserien, seier Pedersen.

Artikkeltags