Processed with VSCO with e5 preset
Matilde Kvammen

Karoline pratar så mykje at ho gløymer å trene

Karoline Aamot (17) frå Førde er stort sett å finne på treningssenteret Puls. Der slår ho gjerne av ein prat.
Publisert

Korleis har du det?

Eg har det veldig fint no som det er ferie og fint vêr. Og så gleder eg med til eg skal på tur til Bulgaria.


Kva ville du gjort viss du vann 10 millionar i Lotto?

Eg ville kjøpt meg ein ponni, eller to, og så ein stor Range Rover. Så ville eg ha flytta i mitt eige hus. Er litt lei av å bu med foreldra mine.


Når var du sist redd?

Det var ein kveld då eg skulle legge meg. Eg kjende at det kitla på ryggen. Det var ein edderkopp. Eg sov ikkje meir den natta.
 


Kva er du opptatt av?

Trening. Har vore på Puls kvar dag den siste veka. For det meste går det meir i prating med dei rundt meg enn det eg kom for å gjere, altså trene. Eg synest det er gøy å trene, men ikkje åleine. Derfor er eg på Puls, for der er det omtrent alltid nokon eg kjenner.


Når laug du sist?

For to dagar sidan då eg skulle bort til pappa. Eg skulle sykle og mamma spurde om eg brukte hjelm. Då sa eg ja og sprang ut døra. Men eg brukte aldri den hjelmen.

 

Følg Firda Ung på Facebook.


Kven er ditt forbilde?

Har ikkje noko spesifikt forbilde, men eg ser opp til pappa fordi han alltid hjelper dei rundt seg og er så imøtekommande.


Kva er planane dine for sommaren?

Eg har nettopp vore ein tur i Oslo med familien. Om ikkje så lenge skal eg til Bulgaria med kjærasten min og familien hans. Elles finn du meg på Puls, og slår gjerne av ein prat.


Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

Då hadde eg forbetra karakterane mine frå ungdomsskulen og valt ei anna linje på vidaregåande. Eg hadde greie karakterar, men dei kunne vore endå betre.


Kva er noko ingen andre veit om deg?

Eg kjem på ein ting, men det kan eg aldri seie til nokon.


Kva er din beste og verste eigenskap?

Eg tenker mykje på alle rundt meg, men eg kan ikkje seie eg gjer så mykje med det. Der har du ein god og ein dårleg eigenskap.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken