– Det er lokalt vi til sjuande og sist må foreinast

Bilde er teke på Svalbard då Thomas Addison jobba i gruvene på Svalbard. Jobben har krevd mykje reising - både innlands og utanlands.

Bilde er teke på Svalbard då Thomas Addison jobba i gruvene på Svalbard. Jobben har krevd mykje reising - både innlands og utanlands. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

20 år etter at Thomas Addison gav opp det som skulle bli eit industrieventyr i Vevring, er han tilbake på same stad med endå større ambisjonar om å gjere Engebøfjellet om til ei gullgruve.

DEL

Mannen som skal drive Engebøgruva: – Dette er verdas gjerrigaste bransje. Ein må følge med på kvar krone for å lykkast, seier Addison.

På 90-talet tok han jobben som produksjonssjef for selskapet Fjordblokk for å vera nær svigerforeldra i Førde. Selskapet ønska å vinne ut bergarten eklogitt i Vevring, men gjekk konkurs då prisen på mineralet var lågare enn venta.

– Å levere byggeråstoff i Europa er ein tøff bransje. Det finst mange luringar der ute. I Fjordblokk sitt tilfelle var det nokon som hadde blitt urt om prisen dei ville oppnå for kvar blokk.

Industriutbygginga i område var på god veg og kaia der båtane skulle frakte blokkene stod klar.

– Då vi stod klare med anlegget og skulle levere – måtte vi tole ganske solide priskutt. Det var ikkje mogleg å leve med. Ein må vere seriøs og kostnadsbevisst skal ein klare seg i denne bransjen, konkluderer Addison.

Eit ekte oljebarn

Thomas er eit ekte oljebarn som dreg dit steinen er. Han var fødd på ein Shell-leir i Oman, der faren jobba på midten av 60-talet.

– Det var uaktuelt for far min å komme til Norge på denne tida. Vi hadde nettopp funne olje og framtida til det som skulle bli ein oljenasjon var framleis usikker.

Han har norsk mor og britisk far, og sjølv om søstera har valt å teke norsk pass, held Thomas framleis på sin engelske nasjonalitet.

– Det er litt tilfeldig og litt latskap som er grunnen til at eg ikkje har bytta pass. Hadde eg kunne hatt to ville eg ha tatt begge. Eg har budd i engelsktalande land deler av livet og det er vanskeleg å gi slepp på den delen av identiteten.

Til slutt enda familien opp i Brunei i Indonesia. Der budde han til han var fem år, før familien flytta til Nesbru i Asker. Det var der Thomas gjekk ut frå vidaregåande for å følge i ingeniørfotspora til faren. Dessverre hadde han ikkje karakterane som kunne sikra han ein plass på studiet i Trondheim.

Saka held fram under biletet.

Thomas Addison syner fram gruva på Svalbard i 1996.

Thomas Addison syner fram gruva på Svalbard i 1996. Foto:

Starta som gruvearbeidar

– Som 19-åring pakka eg kofferten og sette meg på eit fly til Svalbard. Far min hadde overhøyrt på jobb at det å jobba som gruvearbeidar i eitt år var bakdøra til ingeniørstudiet, fortel Addison.

Sidan Thomas hadde britisk pass, fekk han ikkje støtte av Lånekassen til å studere i utlandet. Alternativet var praksisplass eller betre karakterane sine.

– Det er synd denne ordninga ikkje finst i dag. Krava om å komme inn på NTNU er tøffe.

Planen var å bli petroleumsingeniør slik som faren, men etter eit år i gruvene på Svalbard vart framtidsplanane endra.

– Svalbard overbeviste meg om at gruvedrift er livet. Det er samarbeidet mellom menneske som skal til for å lykkast i livet. Samhaldet gjorde at eg ønska å fortsetta på den linja, seier han.

Livet på Svalbard

I 1992 starta karrieren på Elkem Nefelin Stjernøy i Alta. Åtte år seinare var han tilbake på Svalbard med kona Kristin Kolstad Addison frå Førde og jentene på eitt år.

– Livet med små born på Svalbard var kjempe artig, seier han.

Familien kom tett innpå det nordlege samfunnet og vart buande der i tre år. Dei barske vêrforholda var med på å gjera Addison førebudd på dei fleste situasjonar.

– Vi drog ikkje på tur utan våpen og gode klede. Om noko uventa skulle skje, hadde vi alltid ein backup plan. Plutseleg kan det komme dårleg vêr som kan enda med katastrofe om ein ikkje er førebudd. Det rista i huset når det bles og innimellom var det ein og anna orkan. Ingenting låg laust ute for å sei det slik. Dei som bur på Svalbard har sjeldan familie i nærleiken. Difor vert vennene familien din den tida ein bur der.

Draumen til Thomas var å få vere med å starte eit underjordsanlegg. Milepælen i karrieren kom då han fekk realisert målet i ei gruve i Ballangen i Nord-Norge.

– Det var 40 meter breitt og 80 meter langt. Då er det snakk om store bergrom. Det er mykje glede i industribedrifter og ein lykkast med små ting heile vegen.

Thomas Addison

Alder: 47 år

Sivilstatus: Gift med Kristin Kolstad Addison og har tre born.

Yrke: Ny direktør for Nordic Rutile AS.

Utdanning: Gruveingeniør ved fakultetet for ingeniørvitenskap og teknologi ved Institutt for geologi og bergteknikk i Trondheim.

Fødd: På ein Shell-leir i Ras al Hamra, Oman.

Pass: Britisk

Har budd: Oman, England, Indonesia, Norge og Skotland.

Tidligare jobbar: Miljøkalk, Direktoratet for mineralforvaltning, Fjordblokk, Orkla Exolon, SNSK, Elkem Nefelin.

Trer inn i direktørrolla

No står kanskje eit av dei største prosjekta i Thomas si karriere framfor han. Direktørrolla i selskapet Nordic Rutile som skal vinne ut mineralet rutile frå Engebøfjellet i Vevring. Prosjekt har møtt mykje motstand frå lokalbefolkninga, miljøaktivistar og fiskenæringa. Sjølv er Thomas overraska av kor lite motstand han har møtt.

– Eg har snakka med ein naustedøl som sa at no må me komme i gang med prosjektet for å skaffe fleire arbeidsplassar i kommunen.

Fleire har peika på at arbeidsmetoden som vert brukt for å vinne ut mineral er utdatert.

– Gruvedrift er ein av verdas eldste og mest innovative bransjar. Dei tunge, grove maskinene frå 80-talet er laga for å vare i fleire tiår. Vi i Nordic Rutile skal finne ein balanse mellom å bruka det som er nytt og spennande og det som er hensiktsmessig.

Mange utanforståande har rista på hovudet over planane til Nordic Mining. Likevel har selskapet skaffe seg dei løyva dei treng for å starta opp. Over nyåret startar arbeidet til Thomas frå Oslo, men det er ikkje lenge før han set kursen mot Vestlandet atter ei gong.

– Det er lokalt vi til sjuande og sist må foreinast. Vi må klare å sjå folk i auga å svare ærleg. Det er det som det kokar ned til.

Artikkeltags