Her går bassenget i oppløysing

MONTASJE: Terapibassenget med innfelte bilde, som syner skadeomfanget.

MONTASJE: Terapibassenget med innfelte bilde, som syner skadeomfanget. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Terapibassenget har vatn, men botnen har ikkje fuger. Det problemet må kommunen fikse straks, meiner stiftinga som driv bassenget.

DEL

– Alle fugene mellom flisene på botnen i Førde Terapibasseng er gått fullstendig i oppløysing.

Det skriv stiftinga Førde Terapibasseng i ei melding til Førde kommune. I meldinga, som er signert fungerande leiar Monrad Kolstad, hevdar dei at problemet har pågått over lang tid.

Så langt er det ikkje registrert at fliser er losna frå botnen. Men det er det all grunn til å frykte, meiner stiftinga, som hevdar feil fugemasse er nytta:

– Truleg er denne skaden oppstått ved at det er nytta feil fugemasse, og at limet under flisene har ein annan og betre kvalitet.

FUNGERANDE LEIAR: Monrad Kolstad i stiftinga Førde Terapibasseng.

FUNGERANDE LEIAR: Monrad Kolstad i stiftinga Førde Terapibasseng. Foto:

Krev snarleg utbetring

Ønsket om snarleg utbetring av bassengbotnen, er grunngjeve med frykt for at det skal oppstå lekkasjar, og for at fliser skal losne.

Stiftinga har ikkje oversikt over kostnadene ved utbetring, og bed Førde kommune om å hente inn kostnadsoverslag og deretter budsjettdekning. Kommunen har vore på synfaring, og skadeomfanget er fotografert av vaktmeister.

Bassenget held ope for alle badande, men somme tidspunkt, særleg i vekedagane, er sette av til lukka grupper.

EIN FUGE LAUS: Eitt av fleire bilde som dokumenterer skadane.

EIN FUGE LAUS: Eitt av fleire bilde som dokumenterer skadane. Foto:

Artikkeltags