Her skal berre elbilar parkere og lade. Det bryr ikkje desse bilistane

Tre av fire plassar var opptekne av bilar utan lading tysdag. I selje- og byte-gruppa på Facebook fekk bildet og beskjeden frå Susanne Håheim 110 «likar-tomlar».

Tre av fire plassar var opptekne av bilar utan lading tysdag. I selje- og byte-gruppa på Facebook fekk bildet og beskjeden frå Susanne Håheim 110 «likar-tomlar». Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

To av tre dagar opptok diselbilar el-ladestasjonane ved sjukehuset. – Veldig dårleg, seier Susanne Håheim (22).

DEL

– To av dei tre gongane eg har køyrt elbil til jobb, har det stått bensin- og dieselbilar parkert på dei fire ladestasjonane.

Det fortel sjukepleiarstudent Susanne Håheim, som er i praksis ved Førde sentralsjukehus.

Eit av tilfella var tysdag denne veka. Då Håheim skulle på seinvakt stod det to dieselbilar og ein bensinbil parkert på tre av fire plassar.

– Det er frustrerande. Eg synest det er veldig dårleg. Det var fleire parkeringsplassar på andre sida av sjukehuset som var ledige.

For nokre månadar sidan var det ifølge Håheim mindre pågang på ladestasjonane.

Susanne Håheim er lei av at folk parkerer diesel- og bensinbilar på parkering med lading til elbilar.

Susanne Håheim er lei av at folk parkerer diesel- og bensinbilar på parkering med lading til elbilar. Foto:

– Då var det ikkje eit så stort problem at det stod parkert ein bensin- eller dieselbil der. No derimot, når det er minusgrader ute, går det mykje meir straum når du køyrer el-bil. Eg tenker særleg på dei som køyrer lengre enn ein halvtime kvar veg. Dei er gjerne avhengige av å lade bilen medan dei er på jobb, for å komme seg heim etter seinvakt til dømes, seier Håheim.

Håheim veit at det kan vere vanskeleg å finne parkeringsplass ved sjukehuset.

– Det er kanskje folk som kjem litt seint og har dårleg tid, som parkerer der utan å tenke særleg over det.

No har Håheim ein beskjed til bileigarar av diesel- og bensinbilar.

– Ver så snill og la elbilparkering bli verande elbilparkering, så vi kan lade bilen medan vi er på jobb. Og tenk på dei som kanskje eg avhengige av å lade bilen for å komme seg heim etter seinvakt!

– Problem andre plassar også

Tidlegare i veka la Håheim ut ein beskjed i Kjøpe og selje-gruppa for Førde på Facebook. Der skapte det debatt, og Håheim har fått fleire tilbakemeldingar frå folk som meiner det er bra ho seier frå.

– Same problem gjeld fleire plassar. Ei venninne har erfart det ved festplassen, seier Håheim.

Lovar fleire kontrollar

Eigedomsforvaltar i Helse Førde, Karl-Eric Melander, er kjend med problemet ved sjukehuset.

– Det er eit problem som har auka etter at vi fjerna ein del parkeringsplassar. Vi har bedt Securitas om å ha fleire kontrollar på elparkeringa, så det er aukande fare for å få bot, seier Melander.

– Vi har elparkeringsplassar for at elbilar skal stå der, så eg forstår godt at Håheim blir frustrert, legg han til.

Det er berre fire plassar reservert for elbilar enn så lenge. Ifølge Melander har det i utgangspunktet vore nok, men det blir vurdert på nytt etter kvart.

– Er det generelt for få parkeringsplassar ved sjukehuset?

– Normalt er det ikkje problemet at det er for lite parkering. At folk ikkje følger reglar eller les skilt er det største problemet. Då må vi gjere fleire kontrollar, seier Melander.

Han peikar på at sjukehuset har fleire parkeringsplassar enn parkeringsnorma seier at dei treng.

– Vi kunne faktisk ha gått ned på tal parkeringsplassar. Vi kunne også ha innført betaling for parkering, gitt høgare parkeringsgebyr og vi kunne ha taua vekk fleire bilar. Det gjer vi ikkje. Ikkje enno.

Artikkeltags