– Nokre apekattar likar vatn

OBS-varsel er sendt ut. Det pøsregnar. Jølstra og Anga trugar med å gå over sine breidder. Derimot tek ikkje alle det like tungt. Fireåringane Sverre Solhaug Folkestad og Jonas Ellingsrud Vie frå Vie barnehage til dømes.

OBS-varsel er sendt ut. Det pøsregnar. Jølstra og Anga trugar med å gå over sine breidder. Derimot tek ikkje alle det like tungt. Fireåringane Sverre Solhaug Folkestad og Jonas Ellingsrud Vie frå Vie barnehage til dømes. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det har regna mykje dei siste to dagane og OBS-varsel er sendt ut. For enkelte er det eit eventyr.

DEL

I parken ved sentralsjukehuset finn vi ein gjeng som er lykkeleg uvitande om kor vidt vêret er ekstremt eller normalt. Det er barnehageborn frå Vie barnehage. Dei er ofte ute og leikar, og let seg ikkje stogge av regn. To av dei, fireåringane, Sverre Solhaug Folkestad og Jonas Ellingsund Vie, deler tida mellom eit klatretre og vasskanten ved dammen.

– Vi er ikkje redde for regn! Det er kjekt å plaske med vatnet, seier Jonas.

– Vi likar å vere ute for då kan vi leike dyrehage. Vi elskar dyrehage. No leikar vi apekattar. Nokre apekattar er glade i vatn, seier Sverre.

No leikar vi apekattar. Nokre apekattar er glade i vatn, seier Sverre Solhaug Folkestad. Her i lag med kameraten Jonas Ellingsrud Vie.

No leikar vi apekattar. Nokre apekattar er glade i vatn, seier Sverre Solhaug Folkestad. Her i lag med kameraten Jonas Ellingsrud Vie. Foto:

Mykje vatn i nye Vestlandet

I desse tider der ekstremvêr tilsynelatande er meir vanleg enn vanleg ver bør OBS-varsel takast med ei lita klype salt. Data frå målestasjon Tefre i Førde fortel at det dei siste 30 døgn har regna til saman 443,4 mm. I vår nye hovudstad Bergen var det tilsvarande talet respektable 340,1 mm. Legendariske Brekke i Gulen tek likevel sigeren med 506,5 mm i same tidsperiode. Oslo? Berre 25,4 mm.

Høgt, men ikkje faretrugande høgt vatn ved Hafstadparken og Førdehuset.

Høgt, men ikkje faretrugande høgt vatn ved Hafstadparken og Førdehuset. Foto:

Artikkeltags