Åtvarar om katteaids i Vieåsen

REDD: - Eg er redd for at nokon av mine kattar kan få aids, seier  Kirsti Myklebust

REDD: - Eg er redd for at nokon av mine kattar kan få aids, seier Kirsti Myklebust Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: – Folk er nøydde til å kastrere og ID-merke kattane sine, seier Kirsti Myklebust frå Dyrebeskyttelsen Norge.

DEL

– Den første katten eg tok inn var i fjor sommar. Den fanga eg i kattefelle og testa den. Den var kjempesjuk av aids og hadde sår etter slåsting.

Kirsti Myklebust, styremedlem i Sogn og Fjordane si avdeling i Dyrebeskyttelsen Norge, fortel at berre i løpet av den siste veka har dei funne tre kattar i Vieåsen som har testa positivt på katteaids. Katteaids (FIV) har mange likskapstrekk med den menneskelege form for aids. Sjukdommen spreiast vanlegvis gjennom bit under slåstkamp, men kan også spreiast ved at kattar brukar same matskål.

Kastrering er løysinga

– Eg vil at folk skal kastrere kattane sine, seier Myklebust.

– Om folk ikkje gjer det går kastrerte hannkattar rundt og spreier aids. Berre siste året har vi funne sju kattar som har testa positivt for aids i Førde.

Kastrering reduserer slåstkampane mellom kattar og hindrar dermed også spreiing av aids. Kattar som blir funne med aids må anten avlivast eller leve i isolasjon resten av livet. Ved Dyreklinikken i Førde har dei ein oversikt over påviste tilfelle av katteaids i Sogn og Fjordane. I løpet av dei siste 18 månadane har dei fått inn 15 kattar med aids frå alle stader i fylket.

– Kastrer alle kattane, seier dagleg leiar Terje Negard.

– På den måten sørger du for at dei ikkje produserer halvville kull som igjen produserer halvville kull. Få kontroll over kattepopulasjonen, det vil redusere problema betydeleg.

Negard trur likevel ikkje at problemet er aukande:

– Sett i lys av at i dag er kattehald på eit langt meir ansvarleg nivå kan ein ikkje seie det. Folk er flinkare til å ta vare på kattane sine og folk har blitt flinkare å kastrere. Sånn sett meiner eg vi har meir bukt med problemet no enn før.

Håpar folk vil hjelpe

Mengda kattar utan heim er eit stort problem mange stader i landet. Myklebust seier at dei i Dyrebeskyttelsen slit med å finne heimar til alle kattane dei finn.

– På sommaren får vi meldingar om lause kattar ofte. Mange tenker nok ikkje over at om dei har hannkatt er han er ute og parar seg, for det ender ikkje opp med å vere deira problem. Men han er jo uansett til sjenanse for andre når han markerer territoriet sitt for eksempel.

Ho håpar at fleire kan melde seg som fôrvert og passe på kattane som blir funne midlertidig fram til ein ny heim er funnen.

Artikkeltags