Sunnfjording dømd for å køyre i hasjrus

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Mannen i 20-åra innrømmer å ha køyrt bil dagen etter han røykte hasj, men nektar straffeskuld. No ventar ei bot på 9000 kroner.

DEL

Mannen frå Sunnfjord er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for å ha køyrt bil i påverka tilstand, og for ulovleg bruk av narkotika.

Han vart stoppa av politiet i fjor haust, og testa positivt på verkestoffet THC i blodet. Analysen av blodprøva viste ein konsentrasjon på 0,006, som er like over straffegrensa på 0,004, som er tilsvarande ei promille på 0,2.

Den tiltalte skal ha røykt hasj kvelden før køyreturen, i tillegg til ein gong nokre dagar i førevegen. Han innrømmer dei faktiske tilhøva han er sikta for, men nektar straffeskuld.

Mannen vart dømd på begge punkt, og får ei bot på 9000 kroner. I tillegg kjem sakskostnadar på 1000 kroner. Dersom bota ikkje betalast må mannen sone 15 dagar i fengsel.

Artikkeltags