Bråk etter helgefesting

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I Bygstad i Gaular vart ein person transportert til arresten i Førde, etter å ha laga bråk på bygdedansen. Dette skjedde klokka 01.36 i natt.

Kvart over to måtte politiet løyse opp eit slagsmål, utanfor ein utestad i Førde sentrum.

I Sogndal vart to personar melde for ordensforstyrring, éin av dei vart også meld for forulemping. Begge vart viste bort, men éin time etter, klokka 01.30, returnerte den eine personen. Han vart då sett i arresten.

Også i Sogndal: klokka 02.35 vart ei vakt forulempa ved ein utestad, av to namngjevne personar. Hendinga er meld.

Det opplyser Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane.

Artikkeltags