Slåst for grøntareal, men det blir parkeringplassar

Turid Vallestad var den einaste som støtta rådmann Ole John Østenstad. Resten av planutvalet gjekkk for planen som inneber å ta tre meter av grøntsona langs 240 meter av Jølstra.

Turid Vallestad var den einaste som støtta rådmann Ole John Østenstad. Resten av planutvalet gjekkk for planen som inneber å ta tre meter av grøntsona langs 240 meter av Jølstra. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Turid Vallestad (SV) var den einaste i planutvalet som følgde rådmannens råd om ikkje å ta grønareal på Halbrendsøyra til parkeringsplassar.

DEL

Dermed kan Frydenbø Bilsenter sjå fram til nybygg for bilmerket Nissan, og i lag med Bilpleiehallen få bygge parkeringsplassar i tre meters breidde på 240 meter av grøntsona langs Jølstra.

Rådmannen rådde til å legge detaljreguleringsplanen ut på høyring i to alternativ, utbygging med og utan inngrep i grøntsona, men fleirtalet gjekk for det første på møtet torsdag. Også Vallestad støtta at Bilpleiehallen og Frydenbø skal få utvikle seg, men røysta for alternativet utan inngrep i grøntarealet.

Formelt er det GJH Eigedom AS eigd av Stein Kjetil Holvik, og Halbrendsøyra 8 AS der Frank Kirkebø er hovudaksjonær, som står bak planane som utløyste krav om at det måtte utarbeidast ei detaljregulering for søraustlege del av Halbrendsøyra, etter at planutvalet var på synfaring i fjor.

Ja til parkeringsplassar

– Då vi var på synfaring, oppfatta eg at planutvalet slik at vi skulle finne ei løysing så bedriftene får utvikle seg. Vi kan godt legge planen ut på høyring i to alternativ, men KrF føretrekker alternativet der ein endrar grensa i grøntsona med tre meter, sa Bjørn-Harald Haugsvær.

Ordførar Olve Grotle (H) var på linje med KrF-representanten.

– Skal vi ha aktivitet og næringsverksemd i sentrum, kontra det som skjer på Brulandsvellene, då må vi passe på å gjere det attraktivt for dei som driv næring i sentrum, sa Grotle.

Jan Taule (V) konstaterte at det handla om to omsyn: bedriftene på Halbrendsøyra og deira høve til å drive, og forvaltningsplanen for Jølstra.

Ikkje så dramatisk

– Etter mykje om og men har eg landa på at det vi kan leve med at bedrifta får høve til å vere der. Eg lar meg ikkje presse av truslar, men dette er eit industriområde som vi ønsker skal vere der. Å ta desse meterane er ikkje så dramatisk. Vi har stelt området godt, men det er ikkje meininga at det skal vere nokon stor park der, sa Taule.

Ap-gruppa hadde hatt ein lang diskusjon om næringsarealet sin nærleik til elvebreidda, og komme til at dei ville opne for å ta desse tre meterane.

– Lenger opp i elva står det bustader heilt ned til elvebreidda, så det blir variasjon uansett og dette er eit næringsareal eg er glad for at vi har, påpeika Ivar Svensøy (Ap).

Vi tek bit for bit

Turid Vallestad (SV) meinte på at det ikkje var synleggjort i planen kvifor det er behov for å ta grøntareal til parkeringsplassar.

– Det byggast på 5200 kvm, og då tykker er det er merkeleg at dei må ta desse tre meterane langs Jølstra. Vi har ein skjøtselsplan for Jølstra som seier at vi ønsker å ha eit grønt belte. Så blir bit for bilt tatt av grøntarealet. Det er ikkje så nøye med tre meter, og til slutt er det ingenting igjen, sa Vallestad og heldt fram:

– Når vi snakkar om Førde, dreg vi fram Jølstra som eit gode for, og at vi skal vende oss mot elva. Men når det begynner å spisse eg til litt, så tek vi av dette arealet likevel, sa Vallestad.

Haugsvær meinte det skulle skje ei styrking av det eksisterande friområdet med planting av tre langs elvekanten.

– Samtidig som du reduserer de grøne beltet, får du vegetasjon ut over elva som er positivt for laksen, for avrenning og innsyn.

Plan og byggesjef Odd Harry Strømsli sa at veikskapen med dagens areal er at det er klinisk fritt for vegetasjon.

– Sjøaure og laks har behov for skugge. Her er ingen skugge å finne, og mat for fisken fell ikkje ned frå busker og tre. Ein styrke i planen er krav om at slik vegetasjon skal komme i beltet ut mot elva. Dette kravet og føresegnene er heilt lik i begge alternativa, sa Strømsli.

Artikkeltags