7077 fleire tok Bybussen

TAR BUSSEN: Ali Kharasani brukar bybussen ofte. I dag reiser han saman med mor og veslebror.

TAR BUSSEN: Ali Kharasani brukar bybussen ofte. I dag reiser han saman med mor og veslebror. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Vil vurdere fleire avgangar til dei travlaste tidene.

DEL

I 2016 var det 165.182 passasjerreiser med Bybussen i Førde. Ein av dei er Ali Kharasani.

– Eg tar bussen til og frå skulen, seier han.

Han får akkurat tid til å stadfeste at det brukar å vere bra med folk på bussen, før han må skunde seg saman med mor og veslebror.

Bussjåføren seier også at det kan vere ein del folk på bussen for tida, særleg om morgonen. Og dei som tar mest buss, meiner han, er innvandrarar.

Stabil auke i haust

Fylkeskommunen meiner å sjå ein annan tendens. Passasjerauken har vore størst etter at bomringen vart innført 3. oktober i fjor, noko som kan tyde på at bussen er ein del av det endra reisemønsteret Firda skreiv om i tysdag.

Samla har oktober, november og desember i 2016 ein vekst på 4932 passasjerar frå 2015. Det utgjer nær 70 prosent av snittauken frå 2015 til 2016. Men månaden med nest størst auke er mai, lenge før bomringen begynte å ta betalt. Og januar 2015 har høgast passasjertal dei siste to åra.

Forskjellen, meiner fylkeskommunen, er at januar, mars, juni og juli går i minus. Om vi deler året i to, har nesten heile snittauken komme i andre halvår.

SVINGAR: Stolpane viser at trafikken varierer gjennom året, og det ser ut til å vere eit mønster med mindre trafikk på sommaren og i desember. Frå 2015 til 2016 ser ein også at det er stabil vekst i andre halvdel av fjoråret.

SVINGAR: Stolpane viser at trafikken varierer gjennom året, og det ser ut til å vere eit mønster med mindre trafikk på sommaren og i desember. Frå 2015 til 2016 ser ein også at det er stabil vekst i andre halvdel av fjoråret. Foto:

  Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember Heile året
2015 17432 15360 15990 13021 11716 11950 7721 9912 13349 13379 14811 13464 158105
2016 15987 16855 14361 15300 12316 10795 7612 11566 13804 15074 17301 14211 165182
Endring -1445 1495 -1629 2279 600 -1155 -109 1654 455 1695 2490 747 7077

– Vi ser at tendensen er sterkare i andre halvår, seier Tove Berget, rådgjevar ved samferdselsavdelinga.

Ho håpar trenden vil halde fram, og at tala for januar viser same auken. Noko som gjer ho sterkare i trua på at tala viser at passasjertalet er på veg opp, er den milde og snøfattige hausten vi har hatt.

– Ein kan tenke seg at det gjerne er dårleg føre og mykje snø som gjer at folk lèt bilen stå, men det har vi ikkje hatt i haust.

Då Firda var på Firda Billag for å finne folk som skulle med Bybussen, var det ikkje veldig mange passasjerar å finne. Dei fleste som var der, ville helst ikkje ha namn og bilde i avisa. Folk kunne likevel fortelje at ja, det er kanskje litt fleire som tar bussen. Og ei stadfesta også at ho lèt bilen stå på grunn av bomringen.

Vurderer fleire avgangar

Ifølge Berget er tilbakemeldinga frå Firda Billag at det er auka pågang til enkelte tider, særleg om morgonen.

– Vi jobbar med talmaterialet no, for å finne ut kva avgangar det gjeld og kor alvorleg det er. Vi skal vurdere om vi må ha fleire avgangar, men har ikkje tala klare enno, seier ho.

Artikkeltags