Blei vitne til bukke-slagsmål:– Heilt ekstremt og veldig spennande

    JAKT: Jakt-kameratane blei vitne til to store bukkar i vill slåstkamp.

    DEL

    – Eg har aldri før sett noko sånt. Det var heilt ekstremt, seier Eirik Aase Kaldahl (23), som fekk ei heilt spesiell oppleving på sin aller første jakttur.

    Saman med broren og søskenbarnet Vetle Aase Øvrebotten (30) frå Førde, var dei på jakttur i Bremanger i oktober då dei blei vitne til slåstkampen.

    Sidan dei to brørne frå Ski ikkje har jegerprøva, blei dei med for å speide etter dyr for Vetle. Dei hadde nettopp vore vitne til at søskenbarnet skaut ein kalv med lyddempar og sprang til for å sjå dyret, som låg om lag 500 meter unna dei.

    – Vi var veldig glade og sprang av garde i retning Vetle. Så høyrer vi plutseleg to horn som krasjar imot kvarandre. Vi skjønte ikkje heilt kva det var først.

    Så ser dei på om lag 20 meters avstand årsaka til lydane: To store bukkar som barkar i hop.

    – Det var ganske utruleg, seier 23- åringen, som var kjapp med å ta opp mobilen for å filme hendinga.

    – Det mest spennande var i grunnen når den eine hjorten stanga den andre inni magen. Då stakk han av garde, seier 23- åringen.

    Etter den første jaktturen har han blitt så interessert at han no planlegg å ta jegerprøva og skyte opp neste år.

    – Det var ganske kult og veldig spennande, seier Kaldahl.

    Artikkeltags