Gå til sidens hovedinnhold

Full brannutrykking til avishuset

Artikkelen er over 5 år gammel

Brannen avgrensa til ventilasjonsrommet

Fredag kveld gjekk alarmen etter røykutvikling i avishuset Firda i Førde sentrum. Ifølge politiet i Sogn og Fjordane var alle naudetatane på staden.

Det var to  personar i bygget då brannen starta, og huseigaren og ein til kom til grunna alarmen.

– Alle fire kom seg ut, kunne Marianne Føleide hos politiet melde klokka 22.10.

- Folk frå brannvesenet gjekk inn i bygningen, og melde at det var brann i eit rom i 3. etasje, sa Føleide.

Klokka 22.21 vart det meldt at brannvesenet hadde kontroll på brannen. Det var stor røyutvikling på staden.

Var på jobb

Journalist Geir Ivar L. Ramsli var på jobb i Firda då alarmen gjekk.

- Vi var to personar på jobb då alarmen gjekk om lag klokka 21:30, og vi sprang sjølvsagt ut etter å ha sjekka alarmtavla ved utgangen. Der stod det at det var utløyst brannalarm i trapperom og teknisk rom i 3. etasje. Og ifølgje brannmannskaper på staden har dei rapportert at det var flammar i ventilasjonssystemet, seier Ramsli og håpar ikkje noko av utstyret i redaksjonen var øydelagt.

- Røykutviklinga og brannen var i tredje etasje, og vi er no sjølvsagt spente på om vatnet som er nytta under sløkkinga kan ha øydelagt noko av utstyret vi har i etasjen under, sa Ramsli og viste til at det er på dette nivået redaksjonen til avishuset held til.

Inn i bygget igjen

Klokka 22.50 fekk dei fire tilsette og leiinga i Firda komme inn i bygget igjen, då brannvesenet hadde frigjeve åstaden.

- Førebels er tredje etasje framleis avstengd. Men verken i 1. eller 2.etasje er det synlege teikn på at vatnet frå sløkkinga har øydelagt noko. Og vi

har fått rapportert at brannen truleg kan ha starta i ein elektrisk motor som er tilknytta ventilasjonssystemet i 3. etasje, seier Ramsli.

Normal produksjon

Ansvarleg redaktør Yngve Årdal var sjølv på åstaden under brannen, og melder klokka 23.00 at det kan tyde på at brannen ikkje vil få konsekvensar for produksjonen framover.

- Papiravisa til laurdag var ferdigtrykt og skal vere i postkassene som vanleg hos abonnentane. Når det gjeld nettavisa, så vil den også venteleg fungere som normalt. Det er slik det ser ut akkurat no, seier Årdal og viser til at elektrikarar snart skal vere på plassen for å sjå på skadene etter brannen.

- Det er sjølvsagt tidleg å seie for mykje om kva konsekvensar brannen vil få. Men akkurat no ser det ut til at produksjonen skal gå som normalt i dagane som kjem, seier redaktøren.

Kommentarer til denne saken