Tok to solodebutar i ein smekk

Frå vegg til bok: Kay Arne Kirkebø, frå Førde, debuterar denne hausten med soloutstilling og bok. Blant verka har det og blitt bok, ei samling med 100 bilete som føljer eit menneske sin kvardag i hans fiktive svartkvite verd. Alle foto: Malene Indrebø-Langlo

Frå vegg til bok: Kay Arne Kirkebø, frå Førde, debuterar denne hausten med soloutstilling og bok. Blant verka har det og blitt bok, ei samling med 100 bilete som føljer eit menneske sin kvardag i hans fiktive svartkvite verd. Alle foto: Malene Indrebø-Langlo

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Kay Arne Kirkebø frå Førde slo like godt til med to kunstdebutar når han først var ferdig med å studere.

DEL

Kay Arne Kirkebø har teikna så lenge han kan hugse, og fascinasjonen for visuell kunst fekk han allereie på guterommet heime i Førde. Men det var først i starten av 20-åra han tok steget vidare til bachelor og master på Kunsthøgskulen i Bergen. Der var han innom alt frå maling til videokunst, men har dei par siste åra spissa uttrykket seg til penn og papir. No, eit år etter enda utdanning, har han opna si første soloutstilling på eiga hand, med svart tusj som sitt einaste verktøy.

– Eg har alltid vore interessert i samtid og det moderne samfunnet vi lever i. Avhengnaden av rutinar og system er så tydeleg, samtidig som vi kanskje ikkje tenker over det. Ta til dømes mobiltelefonen. Det er ikkje mange som lever utan alle desse applikasjonane som skal gjere livet vårt lettare, seier Kirkebø.

Det stramme livet

Og rutinesamfunnet viser godt att i utstillinga «New Isometric Structures», som og har blitt bokdebut. Ei svartkvit verd, med kjønns- og uttrykkslause menneske i store industrisamfunn, viser seg tydlege som ein gjengangar i kunsten til sunnfjordingen.

– Om menneska er einsame? Tja, eg er veldig open for at folk skal tolke kunst slik dei vil, men bilda viser nok det stramme livet, i ei elles kaotisk verd, seier Kirkebø.

Eit av kunstverka er ei samling av hundre små bilete, som følgjer eit av desse uttrykkslause menneska gjennom eit fiktivt bylandskap. Det er også denne historia som er blitt bok.

– Eg hentar mykje inspirasjon rundt meg, men oftast startar eg berre i eit hjørne og ser kor pennen tek meg. Det er svært detaljerte bileter, så det tek fort eit par månadar å få dei største verka ferdige, seier han.

Kunsten til 35-åringen har stor stoppeffekt. Ein kan stå timevis og leite etter detaljar, eller prøve å finne vegen mellom fiktive bygningar, tunnelar, trapper og menneske.

– Ein blir kanskje litt dratt inn i det. Sjølv eg kan bruke lang tid på å finne att detaljar eg veit eg har teikna inn, men som eg ikkje ser med første augekast, ler Kirkebø.

Klar for nye utfordringar

Utstillinga held til på Tag Studio i Bergen og har sine siste dagar neste helg. Deretter skal Kirkebø vise fram masterprosjektet sitt på ei gruppeutstilling i Oslo, før turen går vidare til utstilling i Italia med eit heilt nytt prosjekt. Men ei utstilling i Førde blir det nok ikkje med det første.

– Kunstnarmiljøet i Bergen er veldig inspirerande, så eg flyttar nok ikkje heim, men det hadde sjølvsagt vore kjekt å fått til ei utstilling på heimebane! seier Kirkebø, som allereie er på godt i gang med neste prosjekt.

– Eg fekk veldig gode tilbakemeldingar på denne utstillinga, som er den første soloutstillinga sidan eg stod på eigne bein etter utdanninga. Det nye prosjektet er framleis på skissestadiet, men eg er oppteken av å ikkje ha for lange pausar. No skal eg tenke nytt og finne nye utfordringar, seier Kirkebø og smiler lurt.

Artikkeltags