Gå til sidens hovedinnhold

– Førde treng ei vakker gangbru mellom Førdehuset og Hafstadparken

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Etter å ha budd i Førde i 40 år, der eg har hatt ansvar for kulturpolitikk i Sogn og Fjordane som fylkeskultursjef/fylkesdirektør og seinare vore direktør i Norsk kulturråd , finn eg det naudsynt å framlegge nokre realitetar i høve kulturutviklinga i Førde. Førdehuset vart ikkje bygd som eit Ikon-idrettshus slik det blir hevda frå Førde Il. og Førde fotball.

Det var Norsk kulturråd som la fram ein plan om å etablere Regionale kulturhus utover heile landet som ein del av det utvida kulturomgrepet. På den tida hadde vi Riksteater, Riksgalleri og Rikskonsertane som stadig hadde problem å finne høvelege kulturhus . Ideen var å få bygd gode og tenlege lokaler for kulturaktivitetar. Kulturdepartementet og Stortinget støtta dette arbeidet. Gode regionale kulturhus skulle gje eit løft for kulturarbeidet i heile landet.

Førde var heldige og kom med frå starten og blei fort modellen for utbyggingar i resten av landet.

Førde fekk sitt flotte kulturhus i 1976 og der det var rom for kino, konsertar, symjehall, bibliotek, idrettshall, husflidsrom, atelier for kunstnarar og gode møterom for mange organisasjonar. Alt dette var sentrale deler av det utvida kulturomgrepet.

No verkar det som om fotball og mange fotballbaner er løysinga på det meste . Det held ikkje !

Dersom ein vurderar fotballnivået i Førde ,så er det ein kjennsgjerning at Førde så langt ikkje har markert seg noko særleg på det området. Når eg vaks opp i Høyanger, så. hugsar eg godt at det å reise til Førde (kronborg) å spele fotball mot Førde så var vi garantert å vinne. Seinare som kaptein på juniorlaget så vart

vi krinsmeistrar i juniorfotball her i fylket framom Sogndal og Jotun I 1955. Innan sport er det ikkje fotball ,men friidrett , volleyball ,langrenn og hopp og vektløfting som har hatt nasjonal status. For meg har fotball vore ein naturleg del av kulturen og eg tok i si tid opp framlegget om å gje Sogndal Fotball Fylkeskulturprisen.. Noko som Fylkestinget slutta seg til.

Håkon Fimland var ein frontfigur innan fiidrett både nasjonalt og i Førde. Men Min gode ven Håkon vart ein særs dugande kultursjef i Førde. Når ein i miljøkunstveka starta arbeidet med å få realisert skulpturen Laksen, så forsto Håkon at dette var eit storverk innan kunsten og han var naturleg stolt over at ein med god dugnadshjelp og litt ekstra pengar m. a. frå Fylkeskommunen lukkast å fullføre arbeidet. Seinare var Håkon Fimland hovedpersonen i arbeidet med å utvikle Hafstadparken. Utan Håkon så hadde vi ikkje hatt Hafstadparken slik den no ser ut Førde har mykje å takke Håkon Fimland for !!! Å øydelegge Laksen er eigentleg ein forbrytelse mot folk flest i Førde og det er lite respektfullt i høve til Håkon Fimland og alle dei som har ytt ein innsats og trudd at Førde var ein god kulturkommune.

La oss vone at politikarane i Sunnfjord kommune no brukar vet og syner vørdnad for det ein har fått til på kulturområdet i Førde.

Det vi treng i Førde no er ei vakker gangbru mellom Førdehuset og Hafstadparken. Det hadde Håkon sett pris på !!!

Les også

Laksen som landskapskunst og del av flaumsikring

Les også

Førde IL: – Ikkje plass på Halbrend

Les også

Fekk 1712 underskrifter frå Framtidsførde . – Det markerer slutten på aksjonen

Les også

Ikkje for seint å snu

Les også

LØR 6: Politikarane seier ja takk, begge deler. – Det går ikkje, seier Ruben

Les også

– Vi kan ikkje ofre folkehelsa

Kommentarer til denne saken