Fem år å vente på nybygg i psykiatri

STYRET: Helse Førde tek sikte på å auke investeringane utover i den komande femårsperioden.

STYRET: Helse Førde tek sikte på å auke investeringane utover i den komande femårsperioden. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Helse Førde ser føre seg store investeringar i 2018–19.

DEL

Helse Førde tek sikte på å trappe opp investeringane i ombyggingar og nybygg kraftig, mot slutten av den komande femårsperioden. Då er det også tanken å realisere psykiatrinybygget som har det har vore ønskje om i fleire år, og som interesseorganisasjonar lenge har etterlyst.

Legevaktbygget

Men først på lista over store satsingar står det nye avlastningsbygget aust for Førde sentralsjukehus, og som også skal innhalde den interkommunale legevaktsentralen og andre kommunale funksjonar. Investeringsbudsjettet som i førre veke passerte styret i helseføretaket, viser at det her etter planen skal byggast for 75 mill kr i 2016 og 44 mill kr i 2017.

Deretter er det meininga å trappe investeringsnivået endå meir opp. Då står m.a. psykiatrien for tur, med bygginvesteringar på over hundre millionar kroner i kvart av åra 2018 og -19.

Meir enn firedobling

Investeringsnivået i nybygg og større ombyggingar vil neste år ligge på rundt 35 mill kroner. I 2019, siste året av perioden, skal desse investeringane vere auka til 170 mill kroner, viser det langsiktige investeringsbudsjettet.

I arealplanen for FSS er det planar for ombyggingar i somatikken og nybygg i psykiatrien for om lag ein milliard kroner til saman. Helse Førde tek sikte på – i dialog med Helse Vest – å arbeide fram ein søknad til departementet om å få lånefinansiert 70 prosent av dette.

Artikkeltags