Sjukehuset fekk 12.000 kroner i kontantar

SELFIE: Oljeserviceselskapet Teekay er ikkje av den sjølvhøgtidelege typen. Pengegåva frå årets julelotteri vart overrekt av Svein Furnes frå Teekay til Jorunn Sollid ved Førde Sjukehus i ein konvolutt fyllt med kontantar.

SELFIE: Oljeserviceselskapet Teekay er ikkje av den sjølvhøgtidelege typen. Pengegåva frå årets julelotteri vart overrekt av Svein Furnes frå Teekay til Jorunn Sollid ved Førde Sjukehus i ein konvolutt fyllt med kontantar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Barneavdelinga ved Førde sjukehus fekk ei sein julegåve i år. Ho vart overlevert i kontantar og dokumentert med ein selfie.

DEL

– Om eg har eit bilde?

Kvart år har oljeserviceselskapet Teekay julelotteri, der overskotet går til velgjerd. I år var det barneavdelinga ved Førde sjukehus som fekk 12.000 kroner.

Dei 12.000 kronene er gitt av mannskapet ombord på Petrojarl Knarr, som er eigd av Teekay. Onsdag 14. mars vart gåva levert til sjukehuset.

Fekk pengane og tok ein selfie

Seksjonsleiar Jorunn Sollid for barneavdelinga ved Førde sjukehus får seg ein god latter når Firdas journalist spør etter dokumentasjon av overrekkinga.

Firda hadde sett føre seg ein overrekking av ein stor sjekk, gjerne av ein dresskledt representant frå det kanadiske selskapet, som har eit lite kontor i Florø. Men selskapet gjorde ikkje så mykje ut av seg.

– Det var veldig lite høgtideleg. Vi fekk kontantar i ein konvolutt, og så tok vi ein selfie, seier Sollid og humrar.

Det var Svein Furnes frå Florø-kontoret til Teekay som overleverte pengane frå selskapets årlege julelotteri.

– Det var veldig triveleg, det er alltid kjekt med slike ting. Eg var berre kurer, altså. Eg leverte dei fordi eg skulle køyre den vegen uansett, seier Furnes.

Det er dei tilsette hos Teekay som bestemmer kven som får pengane – alle sender inn forslag, og så trekker vi om kven pengegåva går til, fortel han.

Glad for pengane

Jorunn Sollid ved sjukehuset er glad for at dei vart valt i år. Gåva går til trivselskontoen deira, som vert nytta til å gjere sjukehusopphaldet til barna litt hyggelegare.

– Det kan vere alt frå å ta med barna ut og ete pizza eller bestille pizza hit, gå på kino eller kjøpe inn ting som dataspel og anna underhaldning. Det er viktig med litt pusterom, spesielt for familiane som er her i lange periodar, seier Sollid.

Artikkeltags