Gå til sidens hovedinnhold

Førde og Laksen i 2997

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kjære, lokalpolitikarar i Sunnfjord kommune.

Ryktet om at Laksen står i fare for å måtte vike engasjerer. Som utflyttar har eg all respekt for at det er de som bestemmer i Sunnfjord kommunen, på vegner av folk som bur der. Eg vågar meg likevel frampå i debatten. Eg veit jo at de også set pris på at utflyttarar flyttar heim igjen, og då er kanskje perspektivet frå oss som har levd våre første 19 leveår i Førde relevant.

Då eg var liten var Laksen ei steinrøys, men det var likevel ganske stilig å innsjå at det faktisk ser ut som ein laks, berre ein endrar perspektivet. Laksen var også staden der vi i klasse 6B på Slåtten skule nyttårsaftan 1999 fekk spele teater for heile Førde, ved inngangen til eit nytt tusenår. I russetida blei Laksen brukt som slagmark for vasskrig, og som samlingspunkt og festarena. Å seie at Laksen har vore avgjerande for min oppvekst i Førde er å overdrive, men den er ein viktig del av det eg opplev som Førde sin identitet.

Laksen er eit kunstverk av folket, som vart bygd på dugnad. Den seier noko om Jølstra og laksen si rolle for lokalsamfunnet, og den seier noko om veksten frå bygd til by.

Eg forstår at ein som politikar må gjere prioriteringar. Idrettsanlegg til barn og unge og god infrastruktur er viktig og nødvendig for å leve praktiske og gode liv. Handelshus, parkering og veg gjer at livet i Førde er ganske praktisk tilrettelagt. Det er ein kvalitet. Samtidig må ein by sin identitet bestå av meir enn ein praktisk kvardag. Førde har lange og tidvis frustrerande tradisjonar for å prioritere det praktiske. Samtidig har vektlegginga av det praktiske gjort at vi gang på gang nokså uretteleg har pådratt oss tittelen Noregs styggaste by. Laksen er med å gje Førde identitet. Dei siste åra har det vore gjort grep som har heva Førde sine bykvalitetar. Utviklinga av områda langs Jølstra, bystien og bygginga av eit vakkert og moderne rådhus er gode dømer. Å fjerne Laksen er å fjerne eit folkeleg kunstverk som er med på å gje Førde som by kvalitet og identitet.

Politikk handlar om å sjå løysingar. Førde treng ei løysing som gjev fotballbaner og veg, og som samtidig bevarer Laksen.

Eg har sett kritikarar av Laksen hevde den er ei steinrøys, og skal ein kalle ein spade for ein spade, så er det jo ei steinrøys. Ei godt systematisert steinrøys. Og det fine med denne steinrøysa er at den i utgangspunktet vert liggande, i hundrevis, om ikkje tusenvis av år. Tenk om folk Førde i år 2997 kan møtast til tusenårsjubileum for Førde by ved Laksen, eit kunstverk frå tida då byen vaks fram …

Kjære lokalpolitikarar, eg har trua på at de her finn ei god løysing. For Førde. For barn og unge. Og for Laksen.

Les også

Laksen vann Firda si avstemming

Les også

Val av brualternativ handlar om meir enn valet mellom 7-ar og 9-ar bane

Les også

– Vi kan ikkje ofre folkehelsa

Les også

La Laksen på Festplassen i Førde vere i fred

Kommentarer til denne saken