Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Avisa Firda hadde tidlegare i veka oppslag om Sunnfjord kommune si saksutgreiing for ein storhall i Hafstadparken. I denne samanheng vil ein gjerne presisere at eit samla Førde IL står bak dei omtalte planene.

Heggheim om hall i Hafstadparken: Positivt for fotballen, men truleg ikkje for andre
Administrasjonen har i si saksutgreiing drøfta både fordeler og ulemper. Aktivitetsnivå, sprengd banekapasitet, bærekraft og positiv miljøeffekt er på pluss-sida. Ulempene er omtalt i høve manglande reguleringsplan, utfordring for grunntanken om ein folkepark for alle. Vidare vil eit større bygg være ei visuell utfordring, ruvande og ikkje estetisk tilpassa området.
Når det gjeld plassering er det slik at prosjektgruppa i Førde IL har gjort grundige vurderinga i høve dette tilbake i 2020. I tillegg har det tidlegare vore utført omfattande kartlegginga frå kommunens side i høve prosess med eventuell erstatningsbane. Realiteten er at det er svært begrensa med alternative plasseringa for ei fullskala fotballbane i Førde sentrum.
Plasseringa over «bane 2» er elles ikkje tilfeldig. Omkransande høgdedrag i bakkant dempar det visuelle inntrykket. Ei plassering i Hafstadparken tilseier at ein kan bygge hallen utan garderober, tanken er å nytte eksisterande garderober i klubbhuset. I så måte er dette eit svært nøkternt prosjekt. Når det gjeld materialvalg/estetikk står sjølvsagt kommunen fritt til å legge inn eventuelle føringa i høve dette, i så fall må det også følge ei tilhøyrande finansiering. Materialvalg som ligg til grunn for prospektet er til dømes same utførelse som for fasaden på Skeihallen. At ein storhall ruvar i terrenget er ei kjensgjerning. Når det gjeld høgde er det slik at Sunnfjord kommune gjennom regulering oppmodar til at det blir bygd i høgda i Førde sentrum, i så måte ser ein ikkje at dette er ei utfordring i seg sjølv.
Ein vil frå Førde IL side hevde at det er langt fleire enn fotballgruppa som vil kunne ha nytte og glede av ein slik hall. Løpebane for friidrett eller klatrevegg er i så måte eksempel, men det vil igjen tilseie auka kostnader, kostnader som kommunen i så fall må bidra med. Dette må også sjåas i samanheng med kva anlegg som skal etablerast i eit framtidig Førde Arena.
Planene om ein storhall i Førde er elles langt frå ny. Det har vore arbeidd for dette ved fleire høve tidlegare, med tanke om ulike plasseringa. No er tida overmoden for at ein samlar seg om ei vidareutvikling av Hafstadparken, gjennom å bygge storhall over «bane 2».
Idretten med det tilbod og mangfald som den representerer er viktig – spesielt for dei det gjeld. Og det er mange; Førde Idrettslag er den klart største frivillige organisasjonen i Sunnfjord kommune, med om lag 2400 aktive utøvarar. Av desse utgjer fotballen halvparten med om lag 1200 aktive, noko som underbygger fotballgruppas rolle som ein viktig samfunnsaktør i Førde – og som soneklubb for Sunnfjord i krinssamanheng.
Som kjent er Førde IL fotball inne på topp 5 lista i Norge for størrelse på klubb i høve antall aktive utøvarar – i høve anleggssituasjonen er dette definitivt meir på trass av enn på grunn av.
Førde IL har som kjent store behov for opprusting av anlegga i Førde sentrum. Dette handlar om eit Førde Stadion frå 1976 som «skrik» etter renovering. Når det gjeld kunstgrasbana ved Førdehuset, der Førde kommune alt tilbake i 2014 gjorde ei løyving på kr 5 millionar til skifte av kunstgrasdekket. Som kjent er dette enno ikkje realisert, og bana er dessverre heilt utdatert, og har vore det over lengre tid. Denne utbetringa må finne stad - snarast. Om ein får på plass nytt dekke på kunstgrasbana og i tillegg får bygd ein storhall i Hafstadparken vil det utgjere eit «kvantesprang» i høve kapasitet og anleggsdekning.
Vidare omhandlar dette Førdehuset, idrettshall og symjebasseng, der konseptplan frå 2018 for utviding gjennom Førde Arena kan stette manglande fasilitetar og kapasitet. Eit eventuelt Nasjonalanlegg for vektløfting vil i så måte gje langt meir offentleg støtte, det er såleis ei «unik» moglegheit for å kunne realisere eit Førde Arena – som i så fall blir eit verkeleg signalanlegg for heile Sunnfjord!
Trass alt har Sunnfjord kommune tatt mål avseg at Sunnfjord og Førde skal vere ein arrangør-kommune og stad. Då må ein også ha fasilitetar som «stettar» dagens og ikkje minst framtida sine krav. Eit framtidig Førde Arena og storhall vil i så måte kunne nyttast som arena til ulike større kulturarrangement, utstillinga med vidare.
Aktiviteten i Førde IL tilseier eit udiskutabelt behov for ein storhall for fotball I Førde. Avlyste treningsøkter for brukarane av banene i Hafstadparken er dessverre eit velkjent fenomen i vinterhalvåret, der kun ei av banene har undervarme («bane 1»), som dessverre berre halvvegs fungerer. Det belyser i klartekst utfordringa, når økter gong etter gong må avlysast. Å drifte inntil 1200 aktive på ei 11-bane gjennom vintersesongen er ikkje i nærleiken av å vere praktisk mogleg. Ifølge normene til Norges Fotballforbund er fotballgruppa i Førde IL to 11-baner i manko i høve antall aktive.
Situasjonen er i så måte svært krevjande for idretten i Førde, med bakgrunn i etterslep på velikehald og ein uomtvisteleg underkapasitet kva gjeld anlegg i Førde. Vi har utøvarane og kompetanse på trenar-sida, men som nevnt opplever ein store utfordringa på anleggssida. I ein større samanheng handlar dette om bulyst, at Sunnfjord med Førde som udiskutabel «katalysator» skal stå fram som ein attraktiv stad å flytte til. I så måte er tidsriktige anlegg og arenaer for aktivitet det som kan utgjere ein forskjell – dette med å stå fram attraktive for tilflytting var som kjent eit sentralt «bakteppe» i samband med skipinga av Sunnfjord kommune.
Vi er mange som arbeider målbevisst for idretten i Førde – kvar dag. Det vert stadig meir krevjande å rekruttere til verv innan frivillige lag og organisasjonar. Vi «slit» ut folk, det er dessverre ei kjensgjerning.
For å unngå dette treng ein mellom anna noko grad av «dra-hjelp» frå kommunalt hald. Dette for å støtte opp om arbeidet som blir lagt ned for å legge til rette for born og ungdom, det handlar som kjent om draumar, meistring, fellesskap og samhald; kort sagt alle dei gode verdiane som idretten og idrettslaga representerer.
Sunnfjord kommune bør i så måte «bejuble» initiativa frå idretten – om kommune og idretten finn saman og drar i same retning løyser vi dei utfordringane ein her har søkt å belyse. Førde IL viste i samband med realiseringa av Hafstadparken ei god evne til å skaffe fram vesentlege bidrag til finansiering (51 millionar i eksternkapital). På same måte arbeider vi no aktivt med å skaffe fram nødvendige bidrag til omtalt storhall.
Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest har alt sett verdien av kva ein storhall i Hafstadparken vil representere, gjennom tildeling av rause gåvemidlar til prosjektet. «Bestillinga» overfor Sunnfjord kommune er kr 10 millionar i finansiell støtte, i tillegg til at spelemidlar blir forskottert, slik ein har tradisjon for i tidlegare Førde og noværande Sunnfjord kommune. Eit «beskjedent» beløp med tanke på kva effektar og ringverknader eit slikt anlegg vil representere for Sunnfjord og då spesielt Førde-samfunnet.
Oppsummert: eit JA til storhall i Hafstadparken er eit JA til idretten og heilt nødvendig utbetring av anleggssituasjonen i Førde!