Forbrukartilsynet: – Flypassasjerar har krav på å få pengar tilbake

SKAL FÅ PENGANE TILBAKE: Både Norwegian, SAS og Widerøe får no eit brev frå Forbrukartilsynet der tilsynet understrekar at det må opplysast klart om rettane til passasjerane ved kansellering av flyreiser.

SKAL FÅ PENGANE TILBAKE: Både Norwegian, SAS og Widerøe får no eit brev frå Forbrukartilsynet der tilsynet understrekar at det må opplysast klart om rettane til passasjerane ved kansellering av flyreiser. Foto:

Av

Flypassasjerar som får flyginga si innstilt, har krav på pengane tilbake, ikkje berre ein verdikupong. Det understrekar Forbrukartilsynet.

DEL

Både Norwegian, SAS og Widerøe får no eit brev frå Forbrukartilsynet der tilsynet understrekar at det må opplysast klart om rettane til passasjerane ved kansellering av flyreiser. Tilsynet ber òg flyselskapa om å gjere greie for informasjonsrutinane sine.

– For vår del er det viktig å understreke at passasjerane skal få klar og tydeleg informasjon om retten til å krevje refusjon av heile billettprisen, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

Refusjon av heile billettprisen kan òg givast i form av ein reisekupong eller andre tenesteytingar, men det må i så fall passasjeren godta først og avtale skriftleg. Viss flyselskapa ikkje samtidig seier ifrå om at kundane òg kan få refusjonen kontant inn på konto, er dette eit brot på marknadsføringslova.

– Fleire flyselskap tilbyr til dømes verdikupongar og vouchers i staden for å gi forbrukarane pengane tilbake. Dette er ikkje problematisk så lenge retten til refusjon ikkje blir underkommunisert og forbrukarane sjølv aktivt vel verdikupong framfor refusjon, seier Haugseth i ei pressemelding.


Artikkeltags