Gå til sidens hovedinnhold

Forbrukartilsynet åtvarar mot straumleverandørar som seier dei er billigast

Ikkje stol på billigstpåstandar frå straumleverandørar, seier Forbrukartilsynet. Dei har no fleire slike saker til behandling.

– Å hevde at ein er billigast, er eit sterkt salsargument. Dersom det ikkje er riktig, er det villeiande og eit brot på marknadsføringslova, seier Forbrukartilsynets direktør Trond Rønningen.

Han seier at dei den siste tida har komme over marknadsføring frå fleire leverandørar som hevdar at dei har den billigaste straumavtalen. Rønningen seier det skadar forbrukarane økonomisk, og at det derfor er krav om at slike prisløfte må kunne dokumenterast. Tilsynet har no fleire slike saker til behandling.

Straumbransjen har mange aktørar med svært mange ulike avtaletypar og hyppige prisendringar. Tilsynet rår folk til å sjekke Strømpris.no for å finne ut kva avtale som lønner seg.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken