– Dette er eit produkt som ikkje er meint for barn, då bør det heller ikkje seljast til barn, seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet

Ho reagerer etter at helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) la fram Folkehelsemeldinga fredag.

Salet av energidrikk har auka mykje dei siste åra: I 2019 vart det selt 41 millionar liter, medan i fjor var salet 73 millionar liter. Det er også utvikla fleire variantar, og energidrikk blir seld i større boksar.

– Innføring av lovpålagt 16-års aldersgrense vil vere eit målretta, effektivt og nødvendig tiltak, som fleire andre land allereie har innført, seier Blyverket.

Bekymra for dei yngste

Utviklinga er urovekkjande, meiner regjeringa. Men ho vil førebels ikkje foreslå at det skal innførast aldersgrense. I staden seier Kjerkol at det er noko dei vil sjå nærare på.

– Det er nøyaktig det same som vart sagt i 2019, sidan då er salet av energidrikk nær dobla. Forbrukarrådet hadde forventa at regjeringa no tok grep og kom med ei avklaring på at dei vil innføre ei aldersgrense for kjøp av energidrikk, seier Blyverket.

Forbrukarrådet er særleg bekymra over bruken hos dei yngste. Barn er i gjennomsnitt 12,5 år gamle når dei prøver energidrikk første gong. Gutar startar tidlegare enn jenter, viser Forbrukarrådets kartlegging frå 2021.

Auken er også størst blant jenter og i dei yngste aldersklassane, ifølgje Forbrukarrådets tal. Éin av fire i alderen ti–tolv år som drikk energidrikk, seier dei gjer det kvar veke, ifølgje kartlegginga.

– Når vi veit at stadig fleire yngre etablerer seg som forbrukarar, og sjølvreguleringa i bransjen ikkje fungerer, treng vi ei aldersgrense for kjøp av energidrikk, seier Blyverket.

Meiner sjølvregulering er altfor svakt

For tre år sidan vart det innført ei maksgrense for kor mykje koffein energidrikk kan innehalde.

I tillegg er energidrikkar omfatta av ordninga Matbransjens faglege utval, og bransjen har frivillig inngått ein avtale som gjeld marknadsføring. Men Forbrukarrådet har tidlegare kritisert intensjonsavtalen for å vere eit altfor svakt verkemiddel.

Det er naivt å tru at bransjen si eiga sjølvregulering vil vere tilstrekkeleg når energiprodusentar sit i Matbransjens faglege utval, meiner Blyverket.

Kjerkol vil ha oppdatert tilråding

Kjerkol viser til at Folkehelsemeldinga no går vidare til Stortinget, der ein skal diskutere kor strenge verkemiddel skal vere.

Grunnen til at ho ikkje no vil foreslå aldersgrense, kviler på Mattilsynets vurdering frå 2019. Den gong vart aldersgrense greidd ut, men ikkje anbefalt, seier ho.

– Vi har regulert desse varene gjennom at koffeininnhaldet må avgrensast, seier Kjerkol til NTB.

Mattilsynet og Folkehelseinstituttet har fått nye oppdrag for å sjå på målretta tiltak for å avgrense skadeverknader av energidrikkar. Aldersgrense kan vere ei moglegheit.

– No vil vi få oppdaterte tilrådingar. Då må vi sjå på det på nytt, seier ho.

(©NPK)