Gå til sidens hovedinnhold

Forbrukarrådet: – Prisen på straum må forenklast

Berre ein av fire veit kva dei sjølv betaler for straumen, og berre ein av ti veit kva marknadsprisen er, går det fram av gransking. Forbrukarrådet vil ha ein straumpris som seier kva tenesta faktisk kostar.

– I alle andre marknader er prisane enkle å forstå. Ein trenger berre kaste eit blikk på prislappen, så veit ein kva ei vare eller teneste kostar. Straumprisen er derimot eit komplisert reknestykke som nesten ingen klarer å løyse. Då seier det seg sjølv at det er lett å bli lurt, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket på nettsida til Forbrukarrådet.

Undersøkinga, som Norstat har gjennomført for Forbrukarrådet, viser at dei færraste anar kva straumen faktisk kostar. Det er også liten forskjell på forbrukarar med fast-, variabel- og spotpris.

Forbrukarrådet ber no styresmakter og straumbransjen om å sjå på korleis vi kan få på plass ein pris som gir eit reelt bilete av kva straumen faktisk kostar.

– Straummarknaden manglar den viktigaste komponenten som alle velfungerande marknader har – ein einskapspris som alle forstår og som gjer det lett å samanlikne. I lånemarknaden er det for eksempel effektiv rente og i drivstoffmarknaden er det literpris på bensin og diesel, seier Inger Lise Blyverket.

Les også

Har du sjekka straumrekninga? Hilmar (38) si var halvert

Les også

Edgeir må tilsette ein person i veka skal han nå målet om 150 tilsette til innan 2022

Les også

Trudde dei skulle få sponsormidlar – fekk svindyr leigeavtale

Kommentarer til denne saken