Forbrukarrådet melder om straumprisforvirring

HØGE STRAUMPRISAR: Eit år med tørt vêr har gitt den høgste straumprisen i Noreg sidan 2010. Det høge prisnivået er venta å vare også i haust og kan til og med auke.

HØGE STRAUMPRISAR: Eit år med tørt vêr har gitt den høgste straumprisen i Noreg sidan 2010. Det høge prisnivået er venta å vare også i haust og kan til og med auke. Foto:

Av

FORBRUKAR: Tenesta strømpris.no fekk 15.000 nye brukarar i førre veke, opplyser Forbrukarrådet og åtvarar folk mot lokkeprisar.

DEL

Forbrukarrådet seier til VG at det dei siste åra og særleg den siste tida har vore svært mange spørsmål rundt straumpris og vilkåra i avtalar. Talet på spørsmål rundt straumpris er meir enn tredobla sidan 2013. Elklagenemnda fekk i 2017 meir enn 1.000 klager, over halvparten dreidde seg om kontraktsvilkår og faktura.

Strømpris.no er eigd av Forbrukarrådet og samanliknar straumselskap. I førre veke fekk nettsida 15.000 nye brukarar.

Leiaren for forbrukardialog, Pia Cecilie Haust, seier straumkundar frå heile landa seier dei har takka ja til gode straumtilbod, men opplever å måtte betale for ein mykje dyrare avtale kort tid etterpå.

– Det er fortvilande for forbrukarane og den seriøse delen av bransjen at det finst straumselskap som lever av å lokke folk inn i dårlege avtalar, seier ho.

– Det er ulike typar historier som kjem frå forbrukarane, men ein ting som går igjen, er at dei ikkje har forstått at prisen vil blir heva etter ei tid, fortel Haust.

Ho trekker òg fram at det er forvirrande at selskap opererer med mange ulike typar kampanjetilbod.

Artikkeltags