Mange påskekonkurransar på Facebook er ulovlege – kan du reglane?

HØGTID FOR PÅSKEKONKURRANSAR: Mange Facebook-sider køyrer påskekonkurransar for tida. Ikkje alle kjenner til reglane.

HØGTID FOR PÅSKEKONKURRANSAR: Mange Facebook-sider køyrer påskekonkurransar for tida. Ikkje alle kjenner til reglane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SOSIALE MEDIUM: Det er ikkje lov å be folk tagge venner i kommentarfeltet, ifølge reglane til Facebook.

DEL

I påska florerer Facebook av «lik og del, så kan du vinne dette påskeegget»-konkurransar. Men dersom konkurransane krev at du deler innlegget eller taggar vennar i kommentarfeltet, så er den imot Facebook sine reglar.

Selskapet Valen-Utvik AS lever av å hjelpe bedrifter med sosiale medium. På bloggen sin, skriv Valen-Utvik at bedrifter bryt Facebook sine reglar stadig. Reglane er som følger:

Dette er lov:

  • Du kan be folk legge igjen ein kommentar på innlegget ditt/posten din.
  • Du kan be folk trykke på likar-knappen på innlegget ditt/posten din. 
  • Du kan be folk sende Facebook-sida ei privat melding. 
  • Du kan be folk poste eit innlegg/legge ut eit bilde på sida di.
  • Du kan bruke likes-funksjonen som ein teljemekanisme i ein konkurranse.
  • Du kan be folk like Facebooksida din. Dette kan gjerast på fleire måtar

Dette er ikkje lov:

  • Du kan ikkje be folk dele innlegg frå facebooksida di.
  • Du kan ikkje be folk legge ut innhald på sin eigen profil eller på profilen til vennar.
  • Du kan ikkje be folk tagge seg sjølv eller vennar i innhald du delar.

For å unngå spam

Reglane kjem frå Facebook sjølv, og er der for at folk skal sleppe å sjå ting dei ikkje er interesserte i.

«Facebook er ein plattform som er heilt avhengig av at brukarane synest det er spennande og gøy å gå inn på Facebook til ei kvar tid. Om vi synest det blir kjedelegare og kjedelegare, og brukar det mindre og mindre, vil Facebook få eit dårlegare og dårlegare produkt», skriv Valen-Utvik på bloggen sin.

Valen-Utvik skriv at faren med konkurransar som krev tagging eller deling av innlegget, er at dei kan bli spreidd til folk som absolutt ikkje ønsker denne typen konkurransar på nyheitsstraumen sin.

Dette kan bli oppfatta som spam og kan føre til ei dårlegare brukaroppleving, som igjen kan føre til mindre bruk av det sosiale mediet.

«Når problemet med uønskt innlegg i nyheitsstraumen blir for stort, vil det redusere vår bruk av Facebook – og vi som marknadsførarar kan då ende opp med å ikkje ha ei engasjerande og aktiv Facebookside som kanal for vår digitale kommunikasjon», skriv Valen-Utvik.

Artikkeltags