Snart slepp du å betale store forskot for straumen du brukar

NVE set no ein stoppar for at kraftleverandørar kan kome med urimlege krav om forskotsbetaling frå kundane.

NVE set no ein stoppar for at kraftleverandørar kan kome med urimlege krav om forskotsbetaling frå kundane. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) avgrensar no kraftleverandøranes høve til å krevje betalt for straumen på forskot.

DEL

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) avgrensar no kraftleverandøranes høve til å krevje betalt for straumen på forskot. Målet er å redusere faren for at straumkundane taper pengar.

Det melder NVE i ei pressemelding.

Grådige kraftselskap

- NVE har sett at nokre kraftleverandørar hentar inn urimelg store innbetalingar på forskot frå kundene sine. Dette set vi no en stoppar for. Dei nye forskriftskrava vi har vedteke vil redusere forbrukarens risiko vesentleg, seier avdelingsdirektør i NVE, Ove Flataker, ifølgje pressemeldinga.

Bakgrunnen for forskriftsendringane er at nokre kraftleverandørar foretek forskuddsfaktureringar som utset kunden for stor økonomisk risiko.

Er som usikra lån

Store forskot kan sjåast på som usikra lån frå straumkundane til kraftleverandøren. Dersom kraftleverandøren går konkurs, er pengene ofte tapt for kunden.

- Store forskot er ikkje eit stort problem i marknaden i dag, men for den einskilde forbrukar kan konsekvensane verte store. Vi ønskjer derfor å verne forbrukarne ved å lage klare køyrereglar for forskotsfakturering, sier Flataker.

Dei nye reglane NVE har vedteke gjeld frå 1. januar 2016. Det vert då sett klare avgrensingar for korleis kraftselskapa kan forskotssfakturere kundene.

Eit avgrensa forskot vil framleis gjere det enkelt for nye leverandørar å etablere seg, noko som støttar opp om konkurranse i marknaden. 

Mindre risiko for tap

Samstundes betyr dei nye reglane at strømkundens risiko for å tape pengar vert avgrensa.

NVE avgrensar kor lang forskotsperioden kan vere, og set krav til utrekningssgrunnlaget kraftleverandøren kan bruke på venta pris og forbruk.

I tillegg stiller NVE krav om avregning mot faktisk forbruk for hver einskild periode, slik at kundane lettare kan kontrollere faktura og avregning.

Avgrensingane i forskotsfakturering gjeld òg for kunder som har ein straumavtale med forskotsfakturering fra tidligere, heiter det i pressemeldinga frå NVE.

Artikkeltags