Gå til sidens hovedinnhold

Førar flogen til sjukehus etter ATV-ulykke i Hyllestad

Føraren er medviten, melder politiet.

Klokka 13.51 melder Vest politidistrikt om ei trafikkulykke ved Lifjorden i Hyllestad kommune.

Ein ATV skal ha køyrd utfor ein skrent og falle nokre meter ned.

– Det skal vere snakk om tre-fire meter ned, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Han fortel at ambulanse og brannvesen er på staden. Politiet er på veg.

Skadeomfanget er ukjent, men Hausvik opplyser at føraren er medviten.

Klokka 14:45 seier Hausvik til Firda at føraren er henta med luftambulanse.

– Føraren er flogen til Førde sentralsjukehus, seier han.

Kommentarer til denne saken