Gå til sidens hovedinnhold

For mange har slutta med mjølk

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I eit oppslag i Nationen 14. november går det fram at TINE får for lite kumjølk i høve til prognosar og trong. Der er tale om 30 millionar liter gjennom 2020 og no er tollen på mjølkepulver redusert for å dekke den norske marknaden sin trong for mjølkeprodukt. Det er slakta for mange kyr seier konserndirektør Johnny Ødegård, men det like nærliggande at for mange har slutta med mjølk, vert ikkje nemnt i oppslaget. Den totale verknaden av ordinære salsrundar av mjølkekvotar og den ekstraodinære utkjøpsrunden i 2020 er mjølkemangel.

Det hadde vore betre og meir fleksibelt om Norsk Bonde- og Småbrukarlag hadde fått gjennomslag for å bruke forhaldstal i staden for utkjøp for å redusere kumjølkproduksjonen p.g.a. utfasinga av norsk Jarlsbergost produksjon. Då hadde ein hatt meir mjølk no, etter at forhaldstalet vart sett opp att til 1,05. TINE bryr seg forlite om dei med gjennomsnittskvote på 90.000 l som selde kvoten i utkjøpsrunden i 2020.

Bekymrar det ikkje TINE og Norges Bondelag at det berre er ca. 7.200 aktive mjølkebønder og småbrukarar att? Etter mi meining har vi ikkje ein mjølkebonde og miste og det er eit forkasteleg prinsipp og bruke jordbruksavtale-midlar til å få folk til å slutte med mjølk, svin eller andre husdyrproduksjonar. Kvifor bekymrar ein seg ikkje om den aukande konsentrasjonen av mjølkeproduksjon på stadig færre hender? Avtalepartane i jordbruksforhandlingane må få på plass rekrutteringskvote slik at folk kan starte oppatt med kumjølk utan å måtte ta opp lån for å kjøpe kvote som føreset at andre sluttar.

Les også

Saman er vi sterkare

Les også

Han har bygd lausdriftsfjøs for millionar: – No kan eg vere bonde i mange år

Les også

Framtida for mjølkeproduksjonen i Norge

Kommentarer til denne saken