Dette skriv dei i vekerapporten for veke 39 og 40, som vart lagt fram onsdag.

Ifølgje FHI har smittespreiinga vore relativt stabil dei siste vekene i Noreg. Grunnen til at dei likevel vurderer situasjonen som uføreseieleg er at smittespreiinga aukar og fleire blir lagd inn på sjukehus i fleire europeiske land.

Dette fryktar instituttet at kan vere starten på ei bølgje som kjem av nye variantar, minkande immunitet i befolkninga og kaldare vêr.

Dei skriv det er uvisst kor stor bølgja blir i Noreg, men at det truleg blir meir smitte og at helseinstitusjonane må vere førebudd.

FHI oppgir desse tala i rapporten:

* Det vart registrert 89 nye pasientar med covid-19 i veke 40 og 102 i veke 39, etter 96 i veke 38.

* Til samanlikning vart det registrert 983 innleggingar med luftvegsinfeksjonar i veke 39, etter høvesvis 1126 og 1143 i veke 38 og 37.

* Det er førebels rapportert om 7 akuttinnleggingar i veke 40, etter 6 dei to tidlegare vekene.

* Det er førebels registeret 27 covid-19 relaterte dødsfall i veke 40 og 22 i veke 39. Tala kan bli oppjusterte.

(©NPK)