- Folk trivst på jobben. Då blir sjukefråveret lågt

Artikkelen er over 5 år gammel

Jølster har det lågaste sjukefråveret i distriktet. Sjekk tala for din kommune

DEL

To store kommunar og ein bitte liten kjem verst ut kva gjeld sjukefråver i Sunnfjord og Ytre Sogn.

NRK presenterer denne veka KS sin statistikk for sjukefråver i alle norkse kommunar. Variasjonane er store. I Sunnfjord og Ytre Sogn varierer tala frå 13,3 prosent sjukefråver i Solund, til knapt halvparten, 6,3 prosent i Jølster.  Gjernnomsnittet for heile landet er på 9,8 prosent.

- Grunnen til at vi kjem så dårleg ut er at vi er ein liten kommune, og nokre få langtidssjukemeldingar gjev veldig store prosentvise utslag, seier personalsjef i Solund kommune, Gunnlaug Olsvoll Røed.

Har kontroll

- Vi har langtidssjukemelde både blant menn og kvinner. Vi har kontroll på kvifor tala er som dei er, og vi følgjer opp kvar einaste ein. Kva gjeld kortttidsfråver kjem ikkje vi verre ut enn andre, seier Olsvoll Røed. 

 Jølster-ordførar Oddmund Klakegg er veldig glad for at Jølster scorar så godt:

- Sjukefråveret har variert opp og ned, men det har gått jamt betre dei siste åra. Vi hadde eit problem for nokre år sidan, men det har vore ein god kultur på å halde sjukefråveret nede dei siste åra, seier Klakegg. Ein del utfordringar ser han likevel framleis:

- Sjølvsagt har vi enkelte einingar der sjukefråværet er noko høgre enn det burde være. Spesielt innafor helse og omsorgssektoren har vi litt fleire sjukemeldingar enn vi skulle ynskje, men der er jo store omleggingar der, og då er slikt å forvente.

Godt arbeidsmiljø

- Men det er jo gledeleg at vi totalt sett er på den enden av skalaen. Dette vitnar om generelt godt arbeidsmiljø i einingane rundt om i Jølster kommune.

- Jan Tore Sanner seier til NRK at dei dårlege kommunane må lære av dei gode. Kva kan dei lære av Jølster?

- Ser vi på Kostra-tala og statistikken, så kjem Jølster godt ut, både kva gjeld tilgang på ressursar og nivået på tenestene. Det gjer seg nok igjen utslag på trivsel og mindre slitasje, ting heng nok i hop på veldig mange måtar. Du får helse til Sanner og seie at stort er ikkje nødvendigvis bedre enn smått.

Etter Solund er Flora den kommunen med nest høgast sjukefråver her omkring. 11,6 prosent av alle arbeidsdagar går vekk i sjukmeldingar. Personalsjef Trond Ramstad Olsen i Flora kommune har ikkje noko klart svar på kvifor kommunen har såpass høgt sjukefråver:

- Vi får såkalla diagnosemønster frå Nav, og dei viser at muskel- og skjelettlidingar og lettare psykiske lidingar er hovudårsakene til fråver. Det er som det er i andre kommunar, så det er berre volumet som er større enn i andre kommunar, seier Ramstad Olsen.

Sjukefråveret blir gjennomgått i alle møter Arbeidsmiljøutvalet og Adminstrasjonsutvalet har.

- Vi skal legge fram ein rapport 3. mars, og innan den tid vil vi gå nøye gjennom dei siste data vi har fått. Dei tala vi då syns er høge, vil vi gå nøyare gjennom, seier Ramstad Olsen.

Dårleg trivsel?

- Ordføraren i Jølster meiner dei låga tala deira skuldast eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel ute i einingane. Kan vi snu det argumentet på hovudet når det gjeld Flora?

- Nei. Vi har hatt systematiske arbeidsmiljøundersøkingar, og det er ingen ting der som skal tilseie at det er eit samsvar der.

- Førde, som og er ein større kommune, har og eit høgare tal enn snittet. Kan det være at ein «forsvinn» litt lettare i ein større organisasjon, at det blir lettare å bli heime når ein kvir seg litt for å gå på jobb?

- Nei, det er heller ikkje ei forklaring. Korttidsfråveret vårt har lagt veldig jamt over tid, pluss/minus ein prosent. Det er langtidssjukemeldingane som gjer utslaga.

Det er ein del mønster som peikar seg ut, seier Ramstad Olsen:

Kvinner meir sjuke

- Vi ser, her som i andre kommunar, at fråveret er høgast i helse- og omsorgssektoren og i reinhaldstenestene. Dessutan er det ein tendens til at folk i ufaglærte yrke har høgare fråver enn dei med høgare utdanning, og at kvinner har høgare fråver enn menn.

- Kvinner har jo rundt dobbelt så høgt fråver som menn. Kva trur du er årsaka til det?

- Nei, det er eigentleg rart. Kvinner lever jo lengre enn menn, så ein skulle jo tru at dei har ei betre helse. Dette blir berre spekulasjonar, men eg trur ei forklaring kan vere at når ein ser på totalbelastninga, og altså tek med det som skjer på heimebane, opplever kvinner ei større total omsorgsbyrde enn menn.

KommuneMennKvinnerSamla
Solund9,72%14,31%13,32%
Flora5,62%13,15%11,6%
Førde6,73%10,95%9,86%
Hyllestad5,43%10,76%9,71%
Naustdal6,56%10,37%9,46%
Gulen2,62%10,01%8,66%
Askvoll     4,61% 8,95%  8,35% 
Høyanger5,00%8,77%8,03%
Fjaler2,57%8,97%7,85%
Gaular2,95%8,51%7,13%
Gloppen3,6%7,59%6,82%
Jølster      2,43%7,21%   6,3%   

Kjelde: NRK/ KS' statistikk for sjukefråver  fra 4. kvartal 2013 til 3. kvartal 2014. KS' statistikk syner som oftast eit høgare nivå på sjukefraveret samanlikna med statistikk frå Nav og SSB. Det skuldast m.a. at KS ikkje inkluderer vikarar og personar på korte engasjement.