Gå til sidens hovedinnhold

Folk kan ikkje rekne med å få nødpass

Folk som i siste liten oppdagar at passet har gått ut på dato, kan ikkje rekne med å få nødpass.

Politiinspektør Torill Sorte i Søraust politidistrikt seier til NRK at fleire land no nektar å godta nødpass, og at nødpass berre er berekna på dei som har mista passet sitt på reise.

På grunn av pandemien avbestilte dei fleste av oss utanlandsturar i fjor. Mange droppa samtidig planen om å få fornya passa. I vår rådde politiet folk frå å bestille utanlandsreisa før passet er sjekka.

I eit normalår får politiet omkring 700.000 søknader om nye eller fornya pass. I fjor søkte 400.000 færre enn vanleg om pass, opplyste Politidirektoratet til NTB i april.

Tala omfattar òg barn, som fornyar pass oftare enn vaksne, og nye statsborgarar.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken