Gå til sidens hovedinnhold

Folk finn ikkje vegen til bryllaup og gravferder

Artikkelen er over 2 år gammel

Fleire tilreisande slit med å finne fram. No vil kommunen gjere noko med problemet.

Folk som ikkje er kjent i Førde slit med å finne fram til kyrkja i Sunnfjord-byen.

No vil kommunen sette opp skilt fleire stader for hjelpe slik at tilreisande til bryllaup, gravferder og konfirmasjonar finn kyrkja lettare.

Kommunen søkjer Statens vegvesen om å sette opp skilt ved E39 ved avkøyringa til Langebruvegen og på skilttavla ved Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bernhard Øberg, leiar teknisk drift i kommunen, vil også ha skilt ved Kunstmuseumet.

Kommentarer til denne saken