Kaia vil vere stengd måndag og onsdag kveld, og dessutan delar av natt til torsdag, i veke 47.
– Det blir alternativ rute mellom Manheller og Lærdal, med éi ferje i drift, i periodane arbeidet varar, seier byggjeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.
Endra avgangar
Siste avgang Mannheller–Fodnes måndag kveld blir klokka 19.40, medan siste avgang Fodnes–Mannheller blir klokka 20. Frå klokka 22 vil det vere ordinære ruter begge vegar.
Onsdag og torsdag vil det vere arbeid mellom klokka 23.30 og 03.15. Dette gjer at siste avgang Mannheller–Fodnes blir klokka 23, og siste avgang Fodnes–Mannheller blir klokka 00.45. (Sjå fullstendig oversikt over avgangane nedst i saka.)
– Statens vegvesen har forståing for at arbeid som medfører at vi må stengje ferjekaiane våre kan gje ulemper for trafikantane. Då er det viktig å minne om vi gjer dette arbeidet nettopp for dei, for at dei skal kunna ferdast trygt til ei kvar tid. I god dialog med entreprenør har vi valt å leggje arbeidet til den tida på døgnet då det er minst trafikk, seier Røneid.
Dei oppmodar elles trafikantar til å sjekka 175.no før ein skal ut og reise.
Ruteoversikt
Endra avgangar måndag
Måndag 21. november: Arbeid mellom klokka 20.00 og 21.45.
Siste avgang Mannheller–Fodnes blir klokka 19.40. Dei som skal ta neste ferje frå Mannheller, klokka 20.00, tek då ferje til Lærdal.
Siste avgang Fodnes–Mannheller blir klokka 20.00. Dei som skal ta neste ferje til Mannheller, tek då ferje frå Lærdal klokka 20:55.
Endra avgangar:
Mannheller–Lærdal klokka 20.00
Lærdal–Mannheller klokka 20.55 (framme på Mannheller kai om lag klokka 21.40)
Ordinær rute Manheller–Fodnes frå klokka 22.00. Også frå Fodnes er det ordinær rute frå klokka 22.00.
Endra avgangar onsdag/torsdag
Onsdag/torsdag 23. og 24. november: Arbeid mellom klokka 23.30 og 03.15.
Siste avgang Mannheller–Fodnes blir klokka 23.00. Dei som skal ta neste ferje klokka 00.00 tek då ferje til Lærdal.
Siste avgang Fodnes–Mannheller blir klokka 23.30. Dei som skal ta neste ferje må ta ferje frå Lærdal klokka 00.45.
Endra avgangar:
Mannheller–Lærdal klokka 00.00
Lærdal–Manheller klokka 00.45
Manheller–Lærdal klokka 01.30
Lærdal–Manheller klokka 02.15
Ordinær rute Mannheller–Fodnes frå klokka 03.00.

Skogholt med elveutsikt kan bli til tolv nye einebustadar. Men ei falleferdig bru skapar hovudbry

Slik meiner fylket at rutebilstasjonen bør bli
