Ope brev til oppvekstutvalet og formannskapet i Sunnfjord kommune

Utdanningsforbundet, klubben ved Førde ungdomsskule, har merka seg at kommunedirektøren no har lagt fram eit nytt framlegg til vedtak i saka om flytting av FUSK til noverande Hafstad vgs. Vi registrerer òg at framlegget som blei lagt fram i formannskapet torsdag 2. mars 2023, er meir i samsvar med dei utgreiingsdokumenta som blei sende ut i samband med høyringsrunden. Det tykkjer vi er gledeleg!

La det likevel vere heilt klart; eit stort fleirtal av dei fagorganiserte lærarane ved FUSK ønskjer ikkje at Førde ungdomsskule blir flytta til Hafstad. Dette er også samanfallande med ønskja til elevrådet og FAU ved skulen.

Årlege undersøkingar har dokumentert at Førde ungdomsskule i ei årrekkje hatt høg trivsel blant både elevar og lærarar ved skulen. Dette har ført til at elevane òg har oppnådd svært gode faglege resultat. Faktisk er det slik at elevane ved FUSK i snitt trivst betre enn dei andre ungdomsskuleelevane i Sunnfjord.

Dette skuldast sjølvsagt ikkje bygningsmassen åleine, men eit skulebygg med oversiktlege areal, der alle blir sett, og som er godt tilpassa både elevtal og aldersgruppa, vil alltid vere ein medverkande faktor til eit godt skulemiljø. Vi veit kva vi har, og vi veit at Hafstad vgs. er langt mindre oversiktleg med tanke på å føre tilsyn med elevane.

Vidare opplever vi at sjølve lokaliseringa er langt betre der vi er no, i eit roleg og trygt område i Førde sentrum, midt mellom Førdehuset og Løa. Vi veit at plasseringa mellom Jølstra og E 39 fort kan by på nye utfordringar knytt til trafikktryggleik og sikring mot elv. Det vil òg gi utfordringar knytt til kroppsøvingsfaget som framleis vil gå føre seg på Førdehuset.

Her blir det kryssing av Angedalsvegen som kan bli ei utfordring, og dette vil nok berre bli meir utfordrande når ny bilbru skal byggjast ved Utstillingsplassen. Avstanden mellom bygga vil også føre til at mykje tid til kroppsøving vil bli brukt til å flytte seg frå Hafstad til Førdehuset.

Ifølge kommunedirektøren si innleiing om saka i formannskapsmøtet 9. februar, har uteområdet ved Hafstad vore gjengangar i svara som kom inn i første høyringsrunde. Ifølge det «nye» framlegget, er no arealkrava stetta. Dette er sjølvsagt svært gledeleg. Likevel vil det vere slik at desse arealkrava må fråvikast ved ei framtidig samanslåing av ungdomsskulane i sentrum. Vi minner òg om at uteområdet må gjerast eigna for leik og fysisk aktivitet tilpassa ungdomssteget, utan at ein må krysse Jølstra!

Sjølv om Hafstadparken ligg i nærleiken, er avstanden dit så stor at den berre kan nyttast til kroppsøving om ein har dobbelttimar. Det er ikkje rett å sjå desse areala som ein del av skuleområdet. I tillegg er dette område det er vanskeleg å ha halde tilsyn med for lærarar som hastar mellom undervisningstimar.

I det første høyringsutkastet vårt kom vi med innspel og forslag til «omorganisering» av Hafstad vgs., for å gjere bygget betre og meir tenleg som ungdomsskule. Kommunalsjefen sa i formannskapsmøtet 9. februar, om ikkje ordrett, at dei framlagde skissene var nettopp skisser, og at det etter vedtak ville bli meir arbeid for arkitektar.

Vi er sikre på at å kome våre innspel i møte vil auke kostnadane ved ei flytting. Vi er også sterkt i tvil om viljen til å bruke ekstra pengar på dette er til stades, sidan vi kjenner grunngjevinga for flytting; det skal sparast pengar!

Vi må ha to skulekjøken, vi vil ha ei samlokalisert kunst og handverksavdeling. Grunna varelevering, må desse avdelingane vere plassert i første etasje. Administrasjon og lærarkontor må vere samlokalisert, og dette veit vi av erfaring er med å skape eit godt arbeidsmiljø blant dei tilsette. Vi er nemleg sikre på at trivsel blant tilsette og blant elevar heng tydeleg saman. Elevane merkar at dei har lærarar som trivst og har det kjekt saman med dei på jobb.

Alt dette har vi der vi er no!

Meiner skuledebatten starta i feil ende: – No handlar det om bygningar, ikkje barnas beste