Flytt arbeidsplassar frå regjeringskvartalet til distrikta!

KONTORPALASS I OSLO: Regjeringskvartalet til 21.7 milliardar kjem til å reise seg i all sin prakt, på same måten som resten av dei skattefinansierte praktbygga i hovudstaden.

KONTORPALASS I OSLO: Regjeringskvartalet til 21.7 milliardar kjem til å reise seg i all sin prakt, på same måten som resten av dei skattefinansierte praktbygga i hovudstaden. Foto:

Av

Dei gigantiske byggeplanane i regjeringskvartalet i Oslo bør skalerast kraftig ned og kombinerast med ei storstilt utflytting av arbeidsplassar til distrikta.

DEL

KommentarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I Oslo er eit offentleg kontorpalass i ferd med å bli realisert til ein skyhøg pris, nesten utan offentleg debatt om kostnadane med bygginga. Y-blokka i regjeringskvartalet skal rivast og erstattast av eit bygg med ein pris vi knapt hadde trudd var mogleg. Viss ikkje Stortinget set på bremsane, kan rekninga bli på svimlande 21,7 milliardar kroner.

Dette gjer dei trass i at arbeidslivet i heile verda er i kraftig endring. Telenor er blant dei som i løpet av korona-krisa har funne ut at dei 19.000 tilsette arbeider meir effektivt heimanfrå enn på kontora sine. Dei lykkelege kontordagane er over og blir erstatta av ein miks av heimekontor, fysiske møte, arbeid på delte arbeidsplassar og videomøte. Vinn, vinn, for alle!

Men ikkje i statsforvaltninga i Oslo. Der held dei på som om ingen ting har skjedd. Spesielt god framdrift på gjennomføringa ser vi når politikarar og byråkratar skal bygge nytt til seg sjølve, og etter nokre intense år med planlegging og politisk tautrekking er det snart klart for vedtak i Stortinget.

Det er lite offentleg informasjon tilgjengeleg om kva dette vil koste. Men ifølge eit debattinnlegg i Dagsavisen av arkitekt Kjersti Hembre og rektor Hanne Sophie Claussen ved Oslo Fotokunstskole (begge med i støtteaksjonen for å bevare Y-blokka) vil det nye regjeringskvartalet koste skattebetalarane 180.000 kroner per kvadratmeter!

Og trass i at arealet i det planlagde bygget er redusert frå 180.000 til 120.000 kvadratmeter, så har prisen auka frå 13,2 milliardar til 21,7 milliardar kroner. Dei reduserer altså arealet med ein tredjedel, mens prisen aukar med 8,5 milliardar!

Dette er enorme beløp som er vanskeleg å begripe for vanlege folk. Det hadde vore spennande å sjå korleis dei reknar heim den samfunnsøkonomiske gevinsten i eit slikt palass. Er det i det heile tatt mogeleg?

Og det stoppar ikkje der. Dei tillitsvalde meiner no at bygget blir for lite til at dei 5.000 tilsette i departementa kan gjere ein god jobb. Dei er skeptiske til «clean desk»-prinsippet, som kort fortalt betyr at ingen har fast pult på jobben. Så no skal Stortinget vurdere om 24 kvadratmeter per tilsett skal aukast opp. Ingen bør bli overraska om vi rundar 30 milliardar kroner for det nye regjeringskvartalet.

Det betyr, og det er berre å halde seg fast: Prisen kan til slutt bli 5,4 millionar kroner per arbeidsplass. Då er fellesareal og alle funksjonar medrekna.

Ein slik pengebruk kan vi sjølvsagt ikkje godta. I ei tid då dei offentlege utgiftene skal ned, må det leitast etter alternativ. Telenor har alt vist fram ei løysing som bør fungere godt også i departementa. Dei uformelle samtalane rundt kaffimaskina er slett ikkje kritiske for eit godt resultat, at vi må bruke 5,4 millionar kroner på kvar einaste byråkrat i regjeringskvartalet, mykje av arbeidet kan gjerast på heimekontoret. Korona-krisa blir truleg eit paradigmeskifte for arbeidslivet, og det skulle berre mangle om ikkje også offentleg sektor tek grep. Debatten om rivinga av Y-blokka i regjeringskvartalet bør difor erstattast av ein debatt om korleis regjeringsapparatet, og også resten av det offentlege Norge skal jobbe i åra som kjem. No handlar det ikkje lenger om å bygge store kontorpalass som tek knekken på statsbudsjetta, men om å finne effektive måtar å arbeide i lag på.

Og det finst mykje intelligent liv i Distrikts-Norge, som ikkje er spesielt interessert i å flytte til Oslo for å jobbe. Den kompetansen kan takast i bruk i stor skala for å bygge ei ny og effektiv statsforvaltning i landet vårt. Bygg gjerne eit nytt regjeringsbygg i Oslo, men dette kan gjerast mykje mindre, og mykje billegare enn det vi har fått presentert fram til no. Halvparten så dyrt og dobbelt så bra med framtidas arbeidsliv! Frå heile landet, for heile landet!

Men dette kjem neppe til å skje. Regjeringskvartalet kjem til å reise seg i all sin prakt, på same måten som resten av dei skattefinansierte praktbygga i hovudstaden. Statsbygg arbeider med planane utan at den Oslo-baserte pressa bryr seg noko særleg. Debatten fram til no har nesten berre handla om kor vidt det er fornuftig å rive Y-blokka, ikkje om den grenselause pengebruken i det nye regjeringskvartalet.

SKAL RIVAST: Debatten om riving av Y-blokka bør erstattast av ein debatt om utflytting av statlege arbeidsplassar.

SKAL RIVAST: Debatten om riving av Y-blokka bør erstattast av ein debatt om utflytting av statlege arbeidsplassar. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken