Flyteknikar tatt ut i streik i Florø. Det kan gå ut over morgonrutene
I Florø er ein flyteknikar tatt ut i streik hos Widerøe Technical Services (WTS). Kommunikasjonssjef i Widerøe Catharina Solli fortel at dette ikkje skaper konsekvensar for flygingar til og frå Florø no, men at det kan oppstå problem for morgonflygingane framover.