Stoppar utskriving av naudpass i helgane

STOPP: Dette passet må du sjå langt etter om du skal utanlands med fly i helgene.

STOPP: Dette passet må du sjå langt etter om du skal utanlands med fly i helgene. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Utanlands i sommar? Bestill pass i tide.

DEL

I sommar kan du ikkje lenger få utskrive naudpass i helgene på Bergen lufthamn. Dersom du skal ut av landet og har gløymd passet ditt kan du ikkje lenger rekne med å få eit naudpass på flyplassen, skriv BA.

– Vi ønsker å få ned førespurnadane etter naudpass. Det er ein aukande mengde, seier politiinspektør Morten Ørn ved Bergen sør politistasjon.

Kun i helgane

Restriksjonane gjeld berre i helgane, frå fredag klokka 15 til midnatt på søndag. Dette varer fram til 15. august på Flesland.

– Dette er eit førebyggande tiltak. Eit naudpass er ikkje eit fullverdig pass og det er nokon land som ikkje godtar det. Det er den reisande som må sjekke om landet dei skal til godtar det eller ikkje, seier Ørn.

Opnar for unntak

Dei som absolutt må ha eit naudpass, må gjere dette på sitt lokale politikontor før dei reiser til flyplassen. Du får derimot ikkje naudpass om du har gløymt ditt ordinære pass, ikkje finn det eller ikkje har bestilt eit nytt.

Ørn seier at politiet kan gjere unntak om grunnen er god nok, som til dømes tilfelle der det har vore eit plutseleg dødsfall og ein må reise. Uansett seier han du kan unngå problemet dersom du er tidleg ute.

– Dersom du førehandsbestiller skal det vere relativt kort ventetid for å få ordinært pass.

Artikkeltags