Flyplassane Førde og Sandane opnar igjen

NO KAN DU FLY FRÅ FØRDE: Frå og med 1. juni kan du fly frå Førde og Sandane igjen. (Bilde frå Bringeland).

NO KAN DU FLY FRÅ FØRDE: Frå og med 1. juni kan du fly frå Førde og Sandane igjen. (Bilde frå Bringeland). Foto:

Widerøe opna no for flyruter Førde og Sandane for å sikre kritisk infrastruktur.

DEL

Widerøe har kome fram til eit minimumstilbod med flyavgangar frå flyplassar som har vore stengde for trafikk under koronapandemien. Dette skjer trass i at etterspørselen i flytransport har gått drastisk ned.

Det skriv Widerøe i ei pressemelding onsdag.

Avinor har bestemt at dei vil setje i gang flytrafikken igjen. Dermed har Widerøe vidare sagt at dei vil setje sine fly i drift på desse flyplassane.

Årsaka er at selskapet i samråd med Samferdselsdepartementet har sett det som naudsynt å ta tilbake nokre ruter for å sikre kritisk infrastruktur og samfunnssikkerheit. Avgangane vil starte frå 1. juni. Sandane flyplass og Bringeland flyplass i Førde er blant dei som no opnar for ruter igjen.

Bringeland flyplass i Førde blir sett i trafikk med morgonrute til Oslo og tilbake måndag til fredag, og ei kveldsrute til Oslo og tilbake på søndagar.

Frå Sandane flyplass vil det gå rute til Oslo via Sogndal om morgonen frå måndag til fredag.

Tilbake frå Oslo vil det gå eit fly på ettermiddagen og eit på kvelden alle dagar utanom laurdag.

Det vil gå rute frå Sandane til Bergen på føremiddagen frå måndag til laurdag.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken