Flyteknikarstreiken er ikkje det einaste som truar sommarferien. Allereie neste veke kan SAS-pilotane gå ut i streik – og ute i Europa truar kaos og streik.

– Forhandlingane med SAS-pilotane har gått føre seg sidan seint i fjor haust og har deadline 29. juni. Blir ein ikkje samde innan det, ligg det an til at 900 pilotar blir tekne ut i streik, noko som vil ramme cirka 250 flyruter dagleg og berøre 45.000 passasjerar, seier flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs i Winair AS til NTB.

I tillegg til SAS-pilotane har også dei danske SAS-flymekanikarane varsla at dei går ut i sympatistreik, noko som kan føre til ytterlegare kaos.

Førebels er det ikkje klart kva flyruter som blir tekne ut i ein eventuell streik, men han vil ramme over heile Skandinavia. Flyanalytikaren reknar det likevel som meir sannsynleg at det blir semje enn at det blir streik i SAS.

– Men det er absolutt ikkje er nokon garanti for det, seier han.

Teknikarstreik kan gå mot slutten

Ein mogleg SAS-streik i Skandinavia kjem på toppen av flyteknikarstreiken i Noreg, som allereie har ført til fleire titals innstillingar.

NHO har varsla lockout frå søndag av, noko som kan presse fram ei løysing eller tvungen lønnsnemnd innan den tid.

Men til så lenge vil streiken føre til at stadig fleire fly blir sett på bakken.

– Streiken vil treffe flyselskapa meir og meir etter kvart som tida går, fordi flya treng ettersyn, seier Elnæs.

Uoversiktleg

Førebels er det Norwegian og Widerøe som først og fremst er ramma. SAS har så langt ikkje hatt nokon avgangar som er ramma, medan Flyr og Norse ikkje blir omfatta av streiken.

Mangelen på teknikarar gjer situasjonen uoversiktleg for dei som skal reise. Avgangar kan bli innstilt tett opp mot avreise, påpeikar Elnæs.

– Det kan skje uventa hendingar, som plutseleg gjer at eit fly må stå på bakken når det ikkje kan få ettersyn. Det gjer at passasjerane får beskjed tett før avreise. Folk må forvente at det kan skje, seier han.

Kaos på flyplassar

Fleire reisande har allereie merka kaos på flyplassar ute i Europa, spesielt på dei store knutepunkta som Amsterdam, Frankfurt, Brussel, Paris og London. Dette kan halde fram utover sommaren.

Hovudutfordringa har vore mangel på bemanning til å handtere bagasje og passasjerar.

– No avgrensar ein talet på flyruter for å få ned talet på passasjerar. Det betrar situasjonen noko, men dei manglar framleis folk, og det er ei stor utfordring, seier Elnæs.

I tillegg er det også streikefare ute i Europa.

– Det er mellom anna meldt inn streikar hos Ryanair. Og det kan også komme streikar i andre bransjar som vil påverke flytrafikken.

– Reis lett

Dei viktigaste råda analytikaren har til folk som skal ut på flytur i sommar, er å følgje nøye med på all informasjon som kjem frå flyselskapet.

– Det er også lurt å følgje med på medium i inn- og utland for å få oversikt, sånn at ein ikkje får nokon overraskingar. Vi må førebu oss meir når vi skal ut på reise, dessverre.

Eit anna tips er å reise lett.

– Spesielt viss ein skal mellomlande, kan det vere lurt å reise berre med hånbagasje. Då minskar faren for at han blir borte på vegen. I tillegg blir ein meir mobil.

(©NPK)