Bil køyrde av vegen ved Brandsøy – er ikkje køyrbar

Seks personar var i bilen. Ingen av dei er skadde.

DEL

Vest politidistrikt melder laurdag om eit trafikkuhell ved Brandsøy utanfor Florø. Uhellet skjedde klokka 12.03.

Ein bil med førar og fem passasjerar har køyrt utanfor vegen. Politiet melder at ingen av dei seks er skadde, men at køyretøyet ikkje er køyrbart.

Vegen skal vere open for fri ferdsel.

– Bilen er ikkje køyrbar, men eigar har sjølv tilkalla bilbergar og det er ingen trafikale problem. Det er heller ikkje meldt om personskade. Vegen er open no, etter at det var manuell dirigering der i ei kort periode, seier Tatjana Knappen ved Operasjonssentralen i Vest politidistrikt til Firdaposten.

Politiet gjer sine undersøkingar på staden. Det er ikkje mistanke om promille, men det vil bli oppretta sak.

Det er kombinasjonen glatt føre, og dårlege dekk som gjorde at bilen køyrde ut, og at politiet vel å opprette sak.

Artikkeltags