Gå til sidens hovedinnhold

No skal Florø få Eirik Bakke på besøk

Artikkelen er over 3 år gammel

FOTBALL: Florø møter Sogndal i tredje runde i Norgesmeisterskapen i fotball.

Terje Rognsø og Florø får ønsket sitt om heimekamp og Eliteserie-motstand i neste runde av NM. Dette er andre gong i historia at Florø kjem til tredje runde i NM og får Eirik Bakke og Sogndal på besøk.

Kampen mellom Florø og Sogndal spelast kl. 18.30, 31. mai på Florø Stadion.

– Veldig fornøgd

Terje Rognsø er klar for ein skikkeleg kamp mot Sogndal.

– Det som var verkeleg kjekt var at vi fekk ein heimekamp. Eg var ikkje overraska at det vart Sogndal vi skal møte og det er bra for engasjementet og at vi unngår ei lang reise mellom kampane i Obosligaen, seier Florø-trenaren til Firda.

For Florø sin del kjem kampen mellom oppgjera mot Kongsvinger og Sandnes Ulf.

– Vi prioriterer Obosligaen og har ein skadesituasjon som gjer at cupkampen kjem på eit ugunstig tidspunkt. Men vi går for å vinne kampen mot Sogndal, fortel Terje Rognsø.

Slik spelast 3. runde av NM herrar:

31. mai: 

Kjelsås – Aalesund
Ull/Kisa – Lillestrøm
Kongsvinger – Sarpsborg 08
Ørn Horten – Vålerenga
Notodden – Stabæk
Flekkerøy – Odd
Egersund – Haugesund
Nest-Sotra – Brann
Jerv – Åsane
Florø – Sogndal
Ranheim – Kristiansund
Levanger – Rosenborg
Bodø/Glimt – Elverum
Fløya – Tromsø

1. juni: 

KFUM – Molde
Mjøndalen – Strømsgodset

Kommentarer til denne saken