CHC skal drive sivil redningshelikopterteneste

Eit CHC- helikopter landar offshore (arkivbilde)

Eit CHC- helikopter landar offshore (arkivbilde) Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Skal overta etter Forsvaret i Florø.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

CHC Helicopter Service driv til vanleg transport av offshoremedarbeidarar til Nordsjøen. No skal dei også transportere i redningsaksjonar på Vestlandet.

– CHC Helicopter vann etter ein heilt ordinær anbodskonkurranse. CHC kom klart best ut etter evalueringskriteria på pris og kvalitet.

Det seier Pål Anders Hagen, avdelingsdirektør for samfunnstryggleik under Justis- og beredskapsdepartementet.

Avlastar forsvaret

Det er 330 skvadronen i Luftforsvaret som har operert med redningshelikopter frå Florø tidlegare, men dei blir no erstatta av CHC fram til 2022.

– Det er snakk om ein midlertideg, sivil kontrakt, som varar frå september 2017 til 2022, der dei avlastar forsvaret. Luftforsvaret skal i mellomtida erstatte sine Sea King- helikopter frå 70- talet, med mottak av nye redningshelikopter. CHC sine helikopter er moderne, og det vil bli raskare tenestetilbod ettersom Sea King- helikoptera måtte køyre omvegar som følge av mangel på avisingssystem.

Hagen fortel at kvaliteten vil bli heva med nye maskiner og meir utstyr. Dette trass i at forsvaret har visse fordelar samanlikna med ein privat verksemd.

Lang opptreningsperiode

– Vil dette anbodet skape fleire arbeidsplassar i Florø?

– Det vil nok ikkje vere særlege endringar i tal arbeidsplassar. CHC sitt mannskap er sivilt, med ein lang opptreningsperiode. Det er derfor denne anbodsrunden kjem såpass tidleg.

Mottaket av forsvarets nye helikopter kjem først på banen i 2018.

– Same kvalitet og operasjonsområde

– Tenesten på Florø består som før. I praksis blir ikkje endringane så store. Vi satsar på den same kapasiteten og tenestekvaliteten. Dei vil ha det same operasjonsområdet, som er bestemt av hovudredningssentralen i Bodø og Sola.

Hagen fortel at det i den tidlegaste fasen stod mellom Blueway Offshore Norge AS, Lufttransport AS og Bristow Norway AS, i tillegg til CHC. Det var dei to sistnemnde det stod om i sluttfasen av anbode.

Artikkeltags