Gå til sidens hovedinnhold

– No vil vi møte Sogndal, Brann eller Viking på heimebane

Sjå alle måla i Florø sin kalassiger over Fana.

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORØ: Terje Rognsø og Florø vil ha Eliteserie-motstand i neste runde av cupen etter målshow mot Fana.

For andre gong i historia har Florø komme seg til tredje runde i Norgesmeisterskapen i fotball etter 5-1-sigeren over Fana. No drøymer dei om storlag på besøk.

– Om vi hadde fått Sogndal ut her hadde det gitt ei fantastisk ramme for ein fotballkamp. Vi tar gjerne eit av dei største laga, men vi skulle gjerne tatt dei seinare i cupen og. No er vi godt nøgd med å ha komme så langt og så får vi gjer alt vi kan for å komme til fjerde runde også, seier Florø-trenar Terje Rognsø etter kampen.

Christer Husa som gjorde comeback for Florø etter seks veker på sidelinja gler seg også til neste runde.

– Eg hadde helst sett at vi fekk ein heimekamp til der vi kan fylle stadion. Eg kunne tenkt meg å møte Viking. Dei har vi aldri spelt mot og dei er moglege å slå og, så dårlege som dei er i Eliteserien, seier Husa med eit smil.

Revansjerte seg etter raudt kort

Monir Benmoussa fekk raudt kort mot Bodø/Glimt i Obosligaen, og var igjen i søkelyset med to scoringar mot Fana.

– Eg følte eg måtte revansjere meg etter sist kamp og det var herleg å gjere det godt igjen i dag. No får eg meir sjølvtillit og kan sjå framover mot kampane som kjem, seier Florø-angriparen.

Sjølv dagens dommar hadde lagt merke til Benmoussa sitt raude kort i førre kamp.

– Han kom med ein morosam kommentar om at feiringa var litt forskjellig frå sist. Då lo eg og sa at eg ikkje ville ha eit raudt kort til, fortel Benmoussa til Firda.

– Kven er draumemotstandar til neste runde i cupen?

– Brann heime ville vore veldig kult. Det er draumemostandaren og får vi den kampen så kan vi klare å vinne den, seier ein sjølvsikker Florø-spelar.

Ikkje klar for Obosligaen

Eit gledeleg syn for Florø-supporterane var Christer Husa som vart bytta inn i det 62. minutt og fekk ta over kapteinsbindet den resterande halvtimen.

– Eg har sakna å spele her og det var veldig godt å få eit innhopp i dag. No får vi håpe at det ikkje blir fleire skader igjen i år. Det var greitt å komme inn i ein slik kamp der vi leiar 3-0, og det var godt å kunne bidra igjen, seier Husa.

Terje Rognsø syns det var flott at Husa var tilbake i kamp på Florø Stadion.

– Vi valde å sette han på stopparplass slik at han ikkje skulle få dei lange spurtane. Vi vil vere litt varsame med han, sidan han framleis er på veg tilbake. Men eg er ikkje sikker på om han er klar for noko meir no i første omgang. Han er i gang igjen og Endre Kupen er i gang igjen, men eg tur kampen til helga kjem litt for tidleg.

Florø reiser no austover til neste runde i Obosligaen der dei skal møte Kongsvinger som ligg eit poeng bak dei på tabellen. Kampen blir spelt søndag kl. 18.00 på Gjemselund Stadion.

Kampfakta: Florø - Fana

Florø - Fana 5-1 (3-0)

1-0 Monir Benmoussa 6 min, Florø

2-0 Oliver Rotihaug 37 min, Florø

3-0 Rashad Muhammed 39 min, Florø

Pause

4-0 Monir Benmoussa 67 min, Florø

5-0 Martin Hollevik 70 min, Florø

5-1 Andre Matos 82 min, Fana

Florø stilte med følgande mannskap:

Jakob Storevik

Martin Hollevik - Vegar Gjermundstad (Christer Husa 62 min) - Runar Hove - Christopher Lindquist

Kaddu Aton - Stefan Aase (Dino Omerovic 69 min) - Luc Jeggo

Rashad Muhammed - Oliver Rotihaug (Peter Aase 46 min) - Monir Benmoussa

 

Kommentarer til denne saken