Rykte ut til pipebrann i Stavang

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

FLORØ: To brannbilar rykker ut frå Eikefjorden til pipebrann i Stavang-området fredag ettermiddag. Det melder Alarmsentralen.

– Det er ein pipebrann, men det er forholdsvis roleg på staden. Brannen har roa seg, det har antakeleg brunne opp, men dei køyrer fram for ein kontroll.

Det seier Dan Inge Gjesdal, vaktleiar på Alarmsentralen.

Dei fekk melding om brannen like før klokka 17.30.

– Det var huseigar som sjølv melde om brannen.

Brannbilane var på staden like før klokka 18.

– Det var roleg då brannvesenet kom fram. Dei har feia pipa, og lagt ned fyringsforbod til feiaren har vore der og sjekka pipa for sprekkar og liknande. Dei er på staden, men returnerer om kort tid, seier Gjesdal like etter klokka 18.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags