Rusa bilførarar; ein i grøfta på sommardekk, ein annan involvert i trafikkulukke

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITINATTA: Bortsett frå nokre rusa bilførarar, skal det ha vore ei stille natt for politiet i Sogn og Fjordane.

DEL

Dette er det Vest politidistrikt (som no er flytta frå Florø til Bergen) melder på Twitter om nattleg aktivitet i Sogn og Fjordane.

(Trass fleire forsøk har det ikkje lukkast Firda å kome i kontakt med operasjonssentralen i Bergen for å få detaljar om hendingane.)

Flora:

I Vågavegen i Florø fann politiet ein bil med rusa førar.
Bilen hadde knekt bakaksel, og politiet meiner bilføraren truleg har vore involvert i ei trafikkulukke.
Bilføraren vart teken med for taking av blodprøve.

I Kinnvegen i Florø vart ein annan rusa bilførar stansa av politiet.
Han òg vart teken med for taking av blodprøve, og det vert oppretta sak.

Vågsøy

Ein bil hamna i grøfta mellom Bryggja og Årheim, skriv politiet ved operasjonssentralen i Bergen.
Bilen hadde sommardekk og politiet mistenkjer at føraren var påverka av alkohol.
Det var to personar ved bilen då politiet kom fram, og begge vart tekne med for taking av blodprøve.

Artikkeltags