Vågsøyværingane seier nei til å bli del av Kinn

HELD FAST: Nær to tredelar av dei spurde  innbyggjarane i Vågsøy, ønsker seg ikkje inn i Kinn kommune.

HELD FAST: Nær to tredelar av dei spurde innbyggjarane i Vågsøy, ønsker seg ikkje inn i Kinn kommune. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Nesten to tredelar av Vågsøyværingane ønsker seg ut av den planlagde samanslåinga med Flora, syner ei ny spørjeundersøking.

DEL

Ifølge ei spørjeundersøking bestilt av Firdaposten, NRK og Fjordenes Tidende, svarar heile 62 prosent av innbyggarane i Vågsøy kommune at dei ikkje vil slåast saman med Flora.

Spørjeundersøkingsbyrået Norstat har intervjua 600 personar i Vågsøy, og resultata frå den undersøkinga syner at berre 31 prosent er positive til nye Kinn kommune medan 62 prosent er negative. Sju prosent av svararane har ikkje bestemt seg.

Undersøkinga vart og gjennomført i 2017. Då vart resultatet 31 prosent positive, 55 prosent negative og 14 prosent uvisse.

Ordførar Ola Teigen seier til Firdaposten at resultatet er bra, med tanke på at andelen på positive held seg stabil.

Det er planlagt ei folkeavrøysting i Vågsøy i juni, men det er uvisst kva følger denne får sidan samanslåinga er vedteken i Stortinget.

Artikkeltags