Slik samanfatta Florarussen året i revy

REVYGJENGEN: Russerevyen «Make Florarussen great again» hadde premiere fredag.

REVYGJENGEN: Russerevyen «Make Florarussen great again» hadde premiere fredag. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

KULTUR: Lokale, nasjonale og internasjonale kjendisar fekk som hatten passa i Florarussen sin revy «Make Florarussen Great Again!». Saman med god koreografi og kreativ humor vart dette ein festkveld, meiner Firda Ung sin meldar.

DEL

Fredag kveld hadde Flora-russen premiere på revyen «Make Florarussen great again» i Flora samfunnshus.

Etter eit år med mykje øving, arbeid og moro, var Florarussen endeleg klare til å vise sin revy: 98-arane sitt perspektiv på det siste året i Florø.

Publikum var tekne med på ei reise inn i moderne tid med innslag frå lokale, nasjonale og internasjonale kjendisar. Alt frå songaren Alice Hugøy til Therese Johaug, og vidare til sjølvaste Donald Trump.

    Fråværsdebatten vart internasjonal

    Fråværsgrensa har vore ei sak mange har engasjert seg i det siste året. Den sleppte ikkje unna i revyen heller.

    TIPROSENTSREGEL: Carina Hjelle spelte helsesøster.

    TIPROSENTSREGEL: Carina Hjelle spelte helsesøster. Foto:

    Kven er det som gjev vgs-elevar fri? Jo, det er helsesøstera. Men korleis kan ein overtyde den strenge helsesøstera? Dette er russen blitt ekspertar på.

    Ulike metodar vart prøvd ut. Som å seie at dei har spysjuka, at dei er kraftig forkjølt, at dei har hovudpine eller at dei har skada seg sjølv.

    PARODI: Kristoffer Hopen parodierte Kurt Midtbø i Kanal 6900.

    PARODI: Kristoffer Hopen parodierte Kurt Midtbø i Kanal 6900. Foto:

    Temaet vart så tatt vidare til NRK-programmet «Debatten». Med programleiar Ingunn Solheim i spissen, vart det ein intens debatt mellom politikarane Bernie Sanders, Frank Willy Djuvik, Florø-ordførar Olav Teigen og sjølvaste Donald Trump.

    Skodespelet var godt og folk lo. Latteren vart endå høgre då to kjende fjes dukka opp: nemleg køyrelærarane i Florø.

    Imponerande dansekoreografi
    Russerevy, Flora, 2017. Make Florarussen great again. Fv. Hedda Brendsdal, Ella Mortensen, Karina Nyttingnes, Inger Lise Ullaland, Subankan Karanukaran, Shankar Panchalingam, Anders Økland

    Russerevy, Flora, 2017. Make Florarussen great again. Fv. Hedda Brendsdal, Ella Mortensen, Karina Nyttingnes, Inger Lise Ullaland, Subankan Karanukaran, Shankar Panchalingam, Anders Økland Foto:

    Om det er noko russen kan i år, så er det å danse. Både gutar og jenter deltar i koreograferte dansar med forskjellige tema. Men det som gjer mest inntrykk på meldaren er gutedansen. Deira stunt fekk publikum til å juble av full hals.

    I tillegg til dans og sketsjar har dei magiske songar. I tillegg opptredde lokalartisten Balder Belsvik med songen han skreiv for seks år sidan, som og er blitt Florøs bysong, «Florø by, stolt og kry». Alt dette vart akkompagnert av bandet Firda Funk frå Sandane.

    Kreativ humor

    Showet hadde ein fin flyt og ein datt aldri av som publikum. Overgangane var gode, humoren var kreativ og attkjennande for florøværingane. Musikken var av god kvalitet, dansane hadde kreativ koreografi og sketsjane fekk publikum opp av seta.

    «Det må vere eit show som skal levere og som skal gjere Florarussen great again!» kom det frå nokre av ungdommane i salen før førestillinga starta. Og det gjorde den. 

    Artikkeltags