Naustdalstunnelen opna igjen etter steinras

DEL

Naustdalstunnelen på riksveg 5 vart klokka 17.25 stengt på grunn av at steinar hadde rasa ned i tunnelen.

Entreprenør vart sendt til staden. Estimert opning er klokka 21.00 melder vegtrafikksentralen på Twitter.

– Det er ein del stein som har kome ned, så oppryddingsarbeidet kan ta noko tid, seier Katrine Kvåle i vegtrafikksentralen til Firda.

Men arbeidet gjekk raskare enn frykta, og klokka 20.00 var tunnelen open for fri ferdsel igjen.

Artikkeltags