Daria Roşu (12 år)
Privat

Daria drøymer om å få synge med Ed Sheeran

Daria Roşu (12 år) frå Florø brukar mykje av tida si til å høyre på Ed Sheeran. Inn i mellom prøver ho også å lære katten å gå i band.
Publisert

Viss du kunne vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

Då ville eg hatt kantine kvar dag på Brandsøy skule. Dette fordi eg synest det er dumt å måtte ta med matpakke kvar dag.

Kva er du redd for?

Edderkoppar og slangar. Dei er ekle.

Kva var det sist bildet du tok med mobilen?

Ragdoll-kattungen min som lærer å gå i band!

Foto:

Når laug du sist?

Det kan eg verkeleg ikkje hugse.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det ha vore?

Då ville eg ha åtvara verda om å bruke så mykje plast, sidan det er såpass mykje plast no som gjer at uskuldige dyr døyr. Det er veldig trist.

Kva var det siste du googla?

Det var «basic ballet moves». Eg går på ballet på kulturskulen og ELSKAR det.

 

Kva er din store draum?

Å få møte Ed Sheeran og synge med han.

Kven er forbildet ditt?

Det er jo så klart Ed Sheeran! Han er berre så flink til å synge og å spele gitar.

Kva var den siste songen du høyrde på?

Det var «Happier» av Ed Sheeran. Eg synest den er så fin!

Kva for kjendis ville du gått på date med?

Det var ikkje eit vanskeleg spørsmål! Ed Sheeran så klart. Eg måtte jo ha vore litt eldre, men eg trur vi har mykje til felles.


 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken